Jens (mannsnamn)
Personar med namnet Jens
Kulturell bruk
- Den folkelege og humoristiske teikneserien «Jens von Bustenskjold» er delvis bygd på bøker av Falkberget.
Kjende personar med namnet Jens
Eit utval personar med namnet Jens, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Jens Hundseid (1883–1965)
- Jens Arup Seip (1905–1992)
- Jens Book-Jenssen (1910–1999)
- Jens Chr. Hauge (1915–2006)
- Jens Evensen (1917–2004)
- Jens-Anton Poulsson (1918–2010)
- Jens Bjørneboe (1920–1976)
- Jens Johannessen (1934)
- Jens Ulltveit-Moe (1942)
- Jens Stoltenberg (1959)
- Jens Lapidus (1974)
- Jens Arne Svartedal (1976)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Jens var mest brukt tidleg på 1800-talet, og i perioden 1800–1804 låg Jens som nummer 10 på ranglista. Mange av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dette gjeld også Jens (av Johannes) som gjekk langsamt tilbake utover på 1800- og 1900-talet. Døme på andre justerte namn med ein tilsvarande tilbakegang på 1800-talet er Anders (av Andreas), Lars (av Laurentius), Mads (av Mathias), Mikkel (av Mikael), Nils (av Nikolaus) og Søren (av Severin).
Geografisk variasjon på 1800-talet
Jens var mest brukt i Aust-Agder.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.