Jane Eyre er ein roman av Charlotte Brontë, utgitt i 1847.
Faktaboks
- Uttale
-
dʒein ɛə
Jane Eyre er ein oppvekstroman (Bildungsroman) om ei foreldrelaus jente som gjennom dramatiske hendingar finn sin plass i livet. Boka er ei uvanleg kjærleikshistorie som bryt klassesamfunnet sine reglar. Ho er også eit sterkt uttrykk for kvinner sin lengt etter fridom og meiningsfylt arbeid, og slik sett ein viktig tidleg-feministisk roman.
Boka er ei av dei som er aller mest brukt av filmskaparar som råmateriale både for kino og fjernsyn. Det har vore laga minst ein Jane Eyre-versjon per tiår frå 1910 til 2011. Romanen er også ein av dei som er blitt oftast omsett til norsk, med seks ulike omsettingar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.