Jørgen (mannsnamn)
Personar med namnet Jørgen
Kulturell bruk
- Jørgen hattemakar og kong Salomo.
- Jørgen Tesman, gift med Hedda i «Hedda Gabler (1890) av Henrik Ibsen.
Kjende personar med namnet Jørgen
Eit utval personar med namnet Jørgen, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Jørgen Thor Møhlen (1640–1708)
- Jørgen Moe (1813–1882)
- Jørgen Løvland (1848–1922)
- Jørgen Juve (1906–1983)
- Jørgen Jahre (1907–1998)
- Johan Jørgen Holst (1937–1994)
- Jørgen Jæger (1946)
- Arne Jørgen Olafsen (1960)
- Knut Jørgen Røed Ødegaard (1966)
- Jørgen Brekke (1968)
- Nils Jørgen Kaalstad (1979)
- Jørgen Graabak (1991)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin i perioden 1860–1874. Jørgen låg derimot stabilt på stort sett same nivå utover på 1800-talet, men til liks med nokre andre tyske og lågtyske namn fekk Jørgen eit sterkt oppsving mot slutten av 1900-talet. I tillegg til Jørgen gjeld dette namn som Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Jørgen var mest brukt i Aust-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Gjørgen.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Meldgaard. Eva Villarsen 2004: [Den store navnebog]. 5. utg. København.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.