Isolde er eit kvinnenamn som truleg har keltisk opphav. Det har seinare vorte assosiert med tyske namn, mellom anna Is-hilde. I dette tyske namnet tyder forleddet ‘jern’ og etterleddet ‘strid’.
Isolde (kvinnenamn)
Kulturell bruk
- «Tristan og Isolde» (frå 1100-talet) er karakterisert som den fyrste kjærleiksromanen.
- Richard Wagners opera «Tristan og Isolde» (1865).
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Isolde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.