Ingjerd er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ingi-gerðr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘gjerde, vern’.
Ingjerd (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Ingjerd
Eit utval personar med namnet Ingjerd, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Ingjerd Hanevold (1955)
- Ingjerd Schou (1955)
- Ingjerd Egeberg (1967)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 151 kvinner i Noreg som hadde Ingjerd som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Ingjerd som var på topp 1945–1949.
Utvikling i bruk av namnet Ingjerd frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.