Inge kjem av det norrøne mannsnamnet Ingi. Det kan enten vere kortform av namn på Ing(e)- eller austnordisk form av Yngve, norrønt Yngvi, som kan førast tilbake til det fellesgermanske *Ingwaz som var namnet på ein germansk gud.

Les om kvinnenamnet Inge.

Namnedag er 17. desember. Inga har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Inge

Eit utval personar med namnet Inge, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 627 menn i Noreg som hadde Inge som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innafor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Inge frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Inge frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • †Hellberg, Lars 2014: Inge och Inga – ett omaka kortnamnspar. Med en efterskrift av Thorsten Andersson. Studia antroponymica Scandinavica 2014.

Kommentarar (5)

svarte Erik Bolstad

Eg er ikkje namneforskar, men les teksten som at Yngve er vestnordisk (norsk m.m.), medan Inge er austnordisk (dansk og svensk). Mange namn finst i ulike variantar i dei nordiske språka, eitt eksempel er namnet mitt som er rekna som ein austnordisk form, medan Eirik er vestnordisk.

svarte Stian Myklebust Eiksund

Eg ser den då, og eg kan sjå føre meg at du har rett her, men sjølv trur eg at gamalnorske Yngvi ville ha vorte Yngje/Ingje på norsk med, og ikkje Yngve. So som 'syngva' vert 'syngja', og so vidare. 'Yngve' verkar som ei oppatteken form av gamalnorsk skrift.

Eg er noko evsam og eg kan ha urett, men eg trur der er meir me må bør sjå på føre me stadfester at det er austnordisk.

svarte Erik Bolstad

Det kan godt hende at du har rett, og eg håpar Gulbrand kan svare når han har tid. Om du ser på N-gram for Inge og Yngve er det mykje som tyder på at Inge vart sett på som korrekt dansk, medan Yngve fyrst dukkar opp rundt 1850. https://www.nb.no/ngram/#1_1_1_inge%2C%20yngve_1_1_3_1810%2C2022_2_2_2_12_2

svarte Gulbrand Alhaug

Eg legg til grunn opplysningar i "Norsk personnamnleksikon" (3. utg. 2013) der det står at Inge "er lånt frå Sverige og Danmark" (altså austnordisk). Namnet er kjent i Noreg sidan 1100-talet, og den fyrste namneberaren var kong Inge Krokrygg.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg