Ida, som er eit tysk kvinnenamn, er kortform av namn med forleddet Ida-, til dømes Idaberga i gammalhøgtysk. Tydinga til Ida er omdiskutert.
Ida (kvinnenamn)
Personar med namnet Ida
Kulturell bruk
- H.C. Andersens eventyr «Den lille Idas Blomster» (1835).
- Skillingsvisa «Ved Idas grav».
- Ida er veslesyster til Emil frå Lönneberga i Astrid Lindgrens bøker, og det er truleg ho som har gjort namnet populært i nyare tid.
Kjende personar med namnet Ida
Eit utval personar med namnet Ida, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Ida Hermanna Hansen (1853–1938)
- Ida Wedel Jarlsberg (1855–1929)
- Ida Lvovna Rubinstein (1885–1960)
- Ida Lupino (1918–1995)
- Ida Haendel (1928–2020)
- Ida Blom (1931–2016)
- Ida Børresen (1950)
- Ida Lorentzen (1951)
- Ida Hjort Kraby (1960)
- Ida Jessen (1964)
- Ida Maria (1984)
- Ida Jenshus (1987)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Ida var noko brukt på 1800-t med ein topp 1875–94, men det var fyrst frå 1970-åra at namnet fekk eit kraftig løft – til eit toppnivå 1990–1994. Dette var inspirert av Ida, søstera til Emil, i Astrid Lindgrens bøker.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Ida var mest brukt i Finnmark.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Sørensen, John Kousgård 1994: [Ida] og [Adelaide]. En historie om opkaldelser i 1800tallet. [Studia anthroponymica Scandinavica 12].
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.