Hyen er eit sokn i Gloppen kommune i Nordfjord i Vestland fylke. Soknet utgjer den sørvestre del av kommunen. Arealet utgjer 381 kvadratkilometer rundt den inste delen av den 14 kilometer lange og trange Hyefjorden, som strekkjer seg sørover mellom bratte fjell frå Nordfjorden.
I Hyen er det jordbruk, betydeleg småbåtproduksjon og lakseoppdrett. Riksveg 615 går sørover gjennom Hyen til Storebru i Kinn kommune, der den møter riksveg 5. Riksvegen er spesielt smal, svingete og skredutsett.
Det er gjort funn av devonske plantefossil som Hyenia, som er kalla opp etter Hyen. På Hyestranda er klyngetunet Osmundnes frå 1700- og 1800-talet. Garden har vore i drift sidan jarnalderen og har spor frå mellomalderen.
Hyen kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1876 med 300 plassar. Arkitekten er Karl Uchermann.
Namnet Hyen kjem av norrønt Hýi, opphavleg eit fjordnamn, av usikker tyding.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.