Hveragerði er ein by på Island, 45 kilometer søraust for Reykjavík. Hveragerði blir ofte kalla «Dei varme kjelders by», og eit fleirtal av innbyggarane har arbeid knytt til jordvarmen. Han blir mellom anna brukt i drivhus der det blir dyrka blomster, frukt og grønsaker.
I Hveragerði finst ei utstilling om jordskjelvet med styrke 6,3 på Richters skala som ramma Islands sørkyst 29. mai 2008. Episenteret var om lag to kilometer sør for byen, og utstillinga syner korleis skjelvet gjorde skade på eigedommane. Senteret har også ein jordskjelvsimulator som gir besøkande høve til å oppleve eit «skjelv» med Richter 6 styrke.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.