Helge Torvund er ein norsk forfattar og psykolog. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Hendene i byen, og har gjeve ut nærare tretti diktsamlingar.
Torvund er ein medviten lyrikar med god kjennskap til lyrikktradisjonen og med stor vilje til å utforske kva poesien er i stand til å gjere. Han er norske lyrikaren som i størst grad har tatt i bruk internett som stad for publisering, formidling og kontakt med lesarane gjennom Diktkammeret og Twitter. Han har også skrive essays og barnebøker, og har dessutan omsett eller gjendikta dikt og songar frå andre språk.
Torvund fekk i 2018 Doblougprisen for forfattarskapen.
Kommentarar (1)
skreiv Dyre Vaa
Det bør legges til at Torvund mottok Herman Wildenveys poesipris i 2016
Mvh
Dyre Vaa
jurymedlem
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.