Heimen Husfliden er ein norsk bunadprodusent og husflidsutsal i Oslo. Heimen har røter tilbake til 1892, og er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo. Firmaet er i dag ei samanslåing av mellom anna Heimen LL Husflitsutsal, Den Norske Husfliden i Oslo og produksjonsverksemda Solhjell.
Verksemdene som no er Heimen Husfliden har kvar for seg vore sentrale i utviklinga av dei norske bunadene. Den norske bunadrørsla vart i all hovudsak starta av personar som var knytta til Bondeungdomslaget i Oslo eller Den Norske Husflidsforening.
Dei to verksemdene hadde ulike tilnærmingar til bunadrørsla. Husfliden i Oslo sydde og bunader for sal, men mykje av verksemda gjekk ut på å bistå lokale husflidslag og andre interesserte i arbeidet med å utarbeide lokale bunader. Mange av bunadene som vert brukt i dag har vorte til med hjelp frå Husfliden i Oslo. Denne butikken var og tilslutta Den Norske Husflidsforening som har butikker over store deler av landet. Det var difor naturleg for Husfliden Oslo å sende kundane til ein lokal butikk istadenfor å selge bunader frå heile Noreg.
Heimen har og vore aktive i arbeidet med å utarbeide lokale bunader, men i motsetnad til Husfliden har dei og vore eit utsal for bunader frå heile landet. Bunader Heimen har vore med og utvikla er difor og til salgs i butikken i Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.