Heimen er eit fagfellevurdert vitskapleg tidsskrift for lokal og regional historie, og har vore publisert sidan 1922. Tidsskriftet vert gjeve ut av Universitetsforlaget på vegner av organisasjonen Landslaget for lokalhistorie.
Tidsskriftet rettar seg særleg inn mot forskarar, studentar og lærarar, men har også vesentlege innslag av lokalhistorisk interesserte utanfor høgare utdanning og skuleverk i lesarkrinsen.
Heimen vert gjeve ut med fire nummer i året, og publiserer vitskaplege artiklar, debattartiklar og bokmeldingar. Publiseringane er breitt indeksert og er mogelege å finna ved søk i fleire store internasjonale publiseringsbasar.
Historieprofessoren Oscar Albert Johnsen var fyrste redaktør fram til 1945, seinare har kjende historikarar som til dømes Andreas Holmsen (1946–1951) og Jørn Sandnes (1976–1986) vore redaktørar.
Randi Kleiven vart i 1952 den fyrste kvinnelege redaktøren. Etter Kleiven var det nesten ikkje innslag av kvinner i rekkja av redaktørar, heilt til triaden Aud Mikkelsen Tretvik, Merete Røskaft og Hilde Gunn Slottemo var redaktørar i 2015–2018.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.