Harbardsbreen er ein bre i Breheimen i Luster kommune i Vestland og Skjåk kommune i Innlandet. Breen har eit areal på 23 kvadratkilometer.
Faktaboks
- Etymologi
- ‘steinbakke’ og ‘kant’
Harbardsbreen dannar saman med Fortundalsbreen ein stor bre mellom Nørdstedalen og Rausdalen, som er dei øvste delane av høvesvis Fortunsdalen og Mørkrisdalen. Det høgaste punktet er Tverrådalskyrkja på 2088 meter over havet som ragar opp av breen i nord.
Framfor Harbardsbreen ligg ein bresjø der det var jøkullaup (breflaum) i 2010 og 2015.
Namnet kjem kanskje av har, 'steinbakke', og bard, 'kant'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.