Faktaboks

Hans H. Skei

Hans Hanssen Skei

Fødd
20. august 1945, Dønna, Nordland
Hans H. Skei, 2011
Hans H. Skei, 2011
Av /Nordisk råd 𝒲.
Lisens: CC BY 2.0

Hans H. Skei er professor emeritus i litteraturvitskap, litteraturkritikar og omsetjar. Som litteraturforskar og formidlar har han særleg vore oppteken av amerikansk sørstatslitteratur og kriminallitteratur.

Bakgrunn

Hans Hanssen Skei er fødd i DønnaHelgeland i Nordland. Etter folke- og framhaldsskule var han elev ved Orkdal landsgymnas, der han tok examen artium i 1966. Han vart magister i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1972 med ei magisteravhandling om William Faulkners roman The Sound and the Fury.

Skei tok dr.philos.-graden i 1980 med avhandlinga The novelist as short story writer. A study of William Faulkner's short stories with special emphasis on the period 1928–1932. Skei vart tilsett som førsteamanuensis ved UiO i 1985–1990 og har vore professor i litteraturvitskap der i 1990-2014.

Litteraturvitskap

Skei har ein svært omfattande faglitterær produksjon, som mellom anna omfattar fagbøker om forfattarskapane til William Faulkner, Aleksander Kielland og Jon Klæbo, tema som litteraturteori, ‑historie og ‑didaktikk og kriminallitteratur. Skei sin grundige kjennskap til Faulkner sin forfattarskap har òg resultert i fleire omsetjingar av Faulkner sine romanar. Han har gitt ut fleire bøker om litteraturteoriske emne og redigert antologiar som har vore mykje brukt på pensum i litteraturvitskap. Skei har òg skrive fleire lærebøker, mellom anna Å lese litteratur (2006), som er ei mykje brukt innføringsbok i litteraturvitskap.

Essaysamlinga Blodig alvor (2008) inneheld ei oversikt over norsk krim i 1972-2007. Boka gir ei innføring i sentrale forfattarskapar innanfor kriminallitteraturen og har ein grundig diskusjon omkring kva som særpregar kriminalsjangeren. I 2021 vart han tildelt den norske Rivertonklubbens ærespris for den særlege innsatsen sin for norsk kriminalitteratur.

Litteraturkritikk

Skei skreiv over 500 litteraturkritikkar for Aftenposten mellom 1996 og 2012, og han fekk Olav Dalgards kritikarpris i 2011 for den omfattande kritikarverksemda si. Han har òg skrive for vekeavisa Dag og Tid. Frå 1989 til 2003 var han redaktør for Norsk litterær årbok saman med Einar Vannebo, og han er norsk redaktør av Nordisk Tidskrift frå 2002. Skei er òg norsk redaktør for Nordisk Tidskrift för vetenskap, konst och industri.

Andre verv

Skei var president for Rivertonklubben i tidsrommet 2009–2015. Han er leiar av juryen for Rivertonprisen og er medlem av Den norske Dobloug-komiteen. Han har òg vore styreleiar i Dag og Tid, leiar av Det norske språk- og litteraturselskap, leiar av Det skjønnlitterære råd i NORLA og medlem av Bragekomiteen. Skei er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. Det kan òg nemnast at han har skrive ei lang rekkje leksikonartiklar som fagansvarleg i Store norske leksikon.

Utgjevingar

Om William Faulkner

  • William Faulkner: The Short Story Career (1981)
  • William Faulkner. The Novelist as Short Story Writer (1985)
  • Reading Faulkner's Best Short Stories (1999)
  • Faulkner and Other Southern Writers (2004)
  • A Little Lost Village: Reading Faulkner's The Hamlet (2012)
  • Redaktør for William Faulkner's Short Fiction: An International Symposium (1997)

Om litteraturteori og undervisning

  • Om litteraturhistorieskriving (1983, ny utgave i 1992, sammen med Atle Kittang og Per Meldahl)
  • Å lese litteratur. Lærebok i litterær analyse (1992; ny, revidert utgave i 2004)
  • Medredaktør av blant annet Dikt fra antikken til vår tid (1994, sammen med Jon Haarberg) og Korttekster (1999), The Art of Brevity (2004) og Less Is More (2008).

Om norsk litteraturhistorie

  • Disharmoniens dikter (om Alexander Kielland, 1999)
  • Fragmenter til et Kielland-bilde (2000)

Om andre temaer

  • Blodig alvor. Om kriminallitteraturen (2008)
  • På litterære lekeplasser. Studier i moderne metafiksjonsdiktning (1995)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg