Faktaboks

Halvor Vreim
Fødd
12. august 1894, Bø, Telemark
Død
6. februar 1966, Oslo
Verke
Arkitekt og kulturhistorikar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Gunnar Helgeson Vreim (1874–1952) og Anne Jonsdotter Li (1872–1962).

Gift 20.9.1930 i Oslo med Anna Bonli (f. 2.4.1899), datter av kjøpmann, kaptein Ove Evensen Bonli (f. 1858) og Gjertrud Dahl (f. 1858).

Stue fra Kvæfjord. 1939. Digitalt Museum

/Nasjonalmuseet.

Halvor Vreim var ein norsk arkitekt. Vreim utførte ei rekkje restaureringar av kyrkjer og profane hus og verka for utviklinga av ein nasjonal byggjekunst.

Bakgrunn

Vreim tok sveineprøva i tømrarfaget ved Oslo elementærtekniske dagskole. Ut frå ein praktisk bakgrunn gjorde han seg kjend med også teoretiske og historiske sider av byggfaget.

Byggeskikk og byggekunst

I 1921 vart Vreim tilsett som amanuensis ved Norsk Folkemuseum, mellom anna med ansvar for tilflytting og oppsetting av bygningar i friluftsmuseet. Til arbeidet høyrde å dokumentere objektet med oppmåling, foto og protokollføring. På reise målte han også opp andre bygningar, og han vart med dette betre kjend med norsk byggjeskikk. Virket hans, med teiknearbeidet, utgreiingar for byggjearbeid og liknande, likna meir allment arkitektarbeid, og i 1936 vart han medlem i Norske Arkitekters Landsforbund.

Året etter gjekk han over til ei stilling som antikvar ved Riksantikvariatet (no Riksantikvaren). I staden for å flytte hus, låg vekta no på stell av antikvarisk verdfulle hus ståande på opphavleg tuft. Vreim vart førsteantikvar i 1948 og stod i denne stillinga til han gjekk av med pensjon i 1964.

Som ein sideverknad av arbeidet leverte Vreim ei rad med monografiar over einskildbygningar, prenta i årbøker og liknande. Større artiklar er frå stell av grupper av slike hus, slik som Buer og naust. Spiren til våre eldste byer, Pleien av et bybillede (om Røros), Kjerringøy handelssted, Nordre Husan i Alvdal og Lade i Trondheim.

Eit større arbeid var å sanka tilfang om stølshus for Instituttet for sammenlignende Kulturforskning. Arbeidet munna ut i eit manus med foto og teikningar som har gått tapt for ettertida. Ei anna rad artiklar handlar om bygningsdelar og andre særemne, som til dømes Trekk fra byggeskikkens geografi i Norge. Sjølv om fleire av konklusjonane byggjer på intuisjon, har det ved seinare prøver vist seg at dei grenselinene Vreim hadde drege opp, høver bra. Han skreiv òg fleire artiklar for samleverket Nordisk Kultur. Eit par emne kravde større rom og har kome i bokform, med titlar som Norwegian decorative art to-day, Norsk trearkitektur og Laftehus.

Vreims var sekretær for Den antikvariske bygningsnemnd frå 1937 og rådgjevar for Norske Museers Landsforbund, og han leverte utbyggingsplanar for fleire av dei norske friluftsmusea. Han var styremedlem i Bøndenes Bygningskontor og frå 1949 Statens distriktsarkitekt for Hallingdal. I 1963 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Utgjevingar

Eit utval

  • Tun og gårdsplass, i FMF Årbok 1929, s. 1–40
  • Buer og naust. Spiren til våre eldste byer, i FMF Årbok 1933, 1933, s. 3–26
  • En stavløe. Et bidrag til belysning av vore gamle stavhus, i Norsk folkekultur 1933, s. 1–15
  • Trekk fra byggeskikkens geografi i Norge, i FMF Årbok 1936–37, 1937, s. 33–64
  • Norwegian decorative art to-day, 1937
  • Norsk trearkitektur, 1939 (2. utg. 1947)
  • Laftehus. Tømring og torvtekking, 1940 (5. utg. 1966; engelsk utg. Log buildings, Quebec 1980)
  • Pleien av et bybillede. Gater og hus på Røros, i FMF Årbok 1944, 1944, s. 73–104
  • Norsk byggekunst i middelalderen, i Nordisk kultur, bd. 17, Stockholm 1952, s. 348–370
  • Kjerringøy handelssted. Et sentrum for nordnorsk næringsdrift, i FMF Årbok 1955, 1956, s. 13–26
  • Nordre Husan i Alvdal. Landets best bevarte tun reddet, i FMF Årbok 1958, 1958, s. 97–104
  • Lade i Trondheim og glimt av andre storgårdsanlegg i Trøndelag, i FMF Årbok 1964,1964, s. 3–54

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • R. Kjellberg: Et halvt århundre. Norsk Folkemuseum 1894–1944, 1954
  • Hvem er hvem 1964

Faktaboks

Halvor Vreim
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036526001882

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg