Hallormstaður er ein forststasjon og eit skolesentrum i det austlege Island, ved innsjøen Lögurinn i Fljótsdalur i Múlaþing kommune. Hallormstaðaskógurinn på 740 hektar er Islands største naturlege bjørkeskog, men det er også oppnådd gode resultat med planting av sibirsk lerk og sitkagran frå Alaska.

Like i nærleiken ligg eit av dei høgaste fossefalla på Island, Hengifoss. Fossen har eit fall på 128 meter og er den mest besøkte turistattraksjonen i det austlege Island.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg