Faktaboks

Håvard Bøkko
Fødd
2. februar 1987
Håvard Bøkko
Av .
Lisens: CC BY 3.0
VM 2009
Håvard Bøkko ble nr. to i VM fire ganger – tre ganger bak uslåelige Sven Kramer. Fra VM i Vikingskipet 2009.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Håvard Bøkko er ein norsk tidlegare skøyteløpar. Han utmerka seg tidleg som eit stort talent som tente eit håp om at Noreg kunne få ein ny internasjonal skøytemeister i ein ellers skrinn periode. Han tok sølv i junior-VM 2005 etter Sven Kramer, og vann i 2006 då Kramer hadde blitt senior. Kramer skulle bli ein lei nemesis og nekta Bøkko dei internasjonale titlane han sette seg mål om. Men duellane mellom Kramer og Bøkko om dei internasjonale meisterskapa har blitt legendariske. «Slå Kramer» var eit mål og eit slagord på denne tida.

Bøkko kom tidleg under vengane til Peter Mueller, trenaren for det norske seniorlandslaget, som hadde hatt suksess med landslaget i 2005. Dei innleidde eit nært samarbeid som ga 3 EM- og VM-sølv bak Kramer, og varte til forsesongen 2009/2010, då Mueller fekk sparken midt i OL-førebuingane grunna ei overgrepssak. Dei første løpa på forsesongen tyda på at han var i ferd med å ta att forspranget, men etter ein 10 000 m som han gjekk med influensa i verdscupen, var sesongen spolert. Han kom aldri opp på nivå med Kramer att.

I 2011 hadde han sjansen då Kramer tok eit kvileår. Han greip den ikkje, og det blei russaren Ivan Skobrev som tok allroundtitlane. Men Bøkko fekk endeleg eit VM-gull på 1500 m i VM enkeltdistansar i Inzell. Neste sesong gjekk han for det internasjonale profflaget CBA med Peter Mueller som trenar. Men framgangen uteblei og han gjekk attende til landslaget neste sesong. Dette endte med eit nytt VM-sølv bak Kramer, men OL-sesongen 2014 var ikkje så utbytterik, og dei neste åra satsa han ikkje som før. Han kom attende i OL-sesongen 2018 og tok då sitt einaste OL-gull i lagtempo saman med Sverre Lunde Pedersen og Simen Spieler Nilsen. Han la opp etter VM på Hamar i 2020.

Titlar

I tillegg til VM-tittelen i 2011 tok han òg OL-bronse på 1500 meter i 2010 og VM-bronse i 2012. I 2009 tok han VM-sølv både på 5000 og 10 000 meter. Han deltok i 4 OL, 2006, 2010, 2014 og 2018.

I allroundmesterskap tok han VM-sølv i 2008, 2009, 2011 og 2013, VM-bronse i 2010, EM-sølv i 2008 og 2009 og EM-bronse i 2006, 2012, 2013 og 2014. Han vant verdscupen på langdistanse i sesongane 2007/2008 og 2009/2010, og på 1500 meter i 2011/2012. I alt tok han 9 løpsseirar i verdenscupen.

Bøkko har vunne 8 NM allround på rad (2008–2015). Han vann i 2008–2010 og 2012 alle dei fire distansane i meisterskapa. Han vann NM i sprint i 2010 og 2016. I NM på enkeltdistansar har han i alt 29 gull: 500 meter (3), 1000 meter (6), 1500 meter (7), 5000 meter (6) og 10 000 meter (7). I 2008, 2009 og 2011 vann han alle dei fem distansane.

Bøkko sette 8 norske seniorrekordar: 1500 meter (4), 5000 meter (1), 10 000 meter (1) og samanlagt (2).

Bøkko er (mars 2025) nummer 8 og tredje beste nordmann på skøytesportens adelskalender. Klubben hans er Hol IL.

Personlege rekordar

  • 35,75 (500 meter)
  • 1.08,42 (1000 meter)
  • 1.42,67 (1500 meter)
  • 3.39,29 (3000 meter)
  • 6.09,94 (5000 meter
  • 12.53,89 (10 000 meter)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg