Håvamål er eit gudedikt i Den eldre Edda på i alt 164 strofer. Håve (Hávi, «den høge») er eit namn på Odin, og heile diktet er tenkt som Odins tale.
Håvamål
Innhald
Håvamål består av fleire delar. Ein trur at desse delane er sette saman til det som vi kjenner som Håvamål, av fleire, sjølvstendige dikt som ikkje nødvendigvis har høyrt saman. Ein veit ikkje når eller korleis Håvamål vart til, men ein kan sjå for seg at ein «redaktør» har sett saman dei ulike delane i samband med nedskrivinga.
Delar av diktet blir ramma inn av innleiingsstrofer og avsluttingsstrofer.
Strofe 1–77: Visdomsdiktet
Visdomsdiktet, eller ordspråkdiktet, er den delen av Håvamål som er mest kjent og oftast sitert.
Kvar strofe inneheld ein sentens eller eit ordtakliknande poeng. Desse gjev oss innsyn i livssyn og kvardagsetikk hjå forfedrane våre. Diktet rosar gjestmildskap, truskap og måtehald, men oppmodar også til varsemd og mistru. Det blir åtvara sterkt mot dumskap og å vere for godtruen. Venskap blir verdsett, men «det er best med ein son», for han reiser bautastein over far sin og tek såleis vare på ettermælet hans.
Godt ettermæle er også sluttpoenget i diktet: «Fe døyr, frendar døyr, ein sjølv døyr på same vis. Men eg veit om noko som aldri døyr: domen over den daude.»
Denne delen av Håvamål kan også vere sett saman av meir eller mindre sjølvstendige strofer og stroferekkjer.
Strofe 78–110: Billingsmøya og Gunnlod
Etter nokre overgangsvers med same slags innhald som visdomsdiktet, kjem to stroferekkjer med litt uklår avgrensing: Odins fåfengte vitjing hjå Billings møy, og Odins vitjing i fjellet hjå Gunnlod, der han henta Suttungs mjød, skaldemjøden.
Strofe 111–137: Loddfåvnesmål
Så følgjer Loddfåvnesmål, ei rekkje råd til Loddfåvne, ein ellers ukjent person. Strofene har oftast same innleiing, her i Knut Ødegårds omsetjing: «Eg rår deg, Loddfåvne, lær mine råd, lærdomen gjer deg gagn.»
Strofe 138–145: Runatal
Strofene i Odins runegalder, Runatal, er eit minne om heiden kult og runemagi.
Strofe 146–163: Ljodatal
I Ljodatal reknar Odin opp 18 ting han kan trollsongar mot.
Versemål
Overlevering
Håvamål er overlevert i handskriftet GKS 2365 4o, også kalla Codex Regius av Den eldre Edda. Det er no oppbevart ved Det arnamagneanske institutt for islandske studium i Reykjavík.
Utgåver og omsetjingar
Håvamål har blitt utgjeve på norrønt som del av Den eldre Edda fleire gonger, for eksempel av Sophus Bugge (1867 og seinere utgåver) og Jón Helgason (1962 og seinare utgåver).
Dei mest kjente omsetjingane til norsk er Ivar Mortensson-Egnund si til nynorsk, som har kome ut i mange utgåver sidan 1905, og Ludvig Holm-Olsen si til bokmål, også i fleire utgåver sidan 1975. Den ferskaste omsetjinga er Knut Ødegård si til nynorsk frå 2013. Denne har også normalisert norrøn tekst.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Grønvik, Ottar 1999: Håvamål. Studier over verkets formelle oppbygning og dets religiøse innhold. Oslo: Det Norske Videnskaps-Akademi.
- Ludvig Holm-Olsen 1975: (Innleiing til) Håvamål, i Edda-dikt. Oslo: Bokklubbene. 182–183.
Kommentarar (2)
skreiv Tor-Ivar Krogsæter
svarte Børge Nordbø
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.