Gøran er eit yngre svensk mannsnamn som via Örian kjem frå nedertysk Jurian av Georg.

Den vanlege stavemåten for dette populære namnet i svensk er Göran, mens vi i norsk bruker både Gøran (mest vanleg), Jøran, Jørann og Gjøran.

Namnet har fleire variantar: Gjøran, Gøran, Jøran, Jørann.

Namnedag er 9. juli. Jøran, Jøran og Ørjan har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gøran

Eksempel på ein person med namnet Gøran som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 119 menn i Noreg som hadde Gøran som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Gøran er blant dei namna som har vorte innlånte frå Sverige, og som har hatt toppfasen sin i 1970-åra eller seinare. Dette gjeld også dei svenske innlåna Ørjan, Christer, Niklas og Linus.

Utvikling i bruk av namnet Gøran frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Gøran frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg