Fyresvatnet er ein innsjø i Fyresdal kommune, Telemark fylke; 49,3 kvadratkilometer, 277 til 281 meter over havet. Største djupna er 369 meter. Fyresvatnet er med dette blant Noregs djupaste innsjøar.
I den sørlege enden er breiddene bratte og tynt busett. I nord, ved Fyresdal kyrkje, er terrenget opnare og busetnaden tettare. Her ligg Fyresdal sentrum. Fyresvatnet har avløp gjennom Fyresdalsåna, som ved Haugsjåsund møter Nisserelva, der Nidelva byrjar. Viktigaste tilløp er Daleåna frå nord. På austsida av vatnet går fylkesveg 355.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.