Folldal er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen vart oppretta ved at Folldal sokn vart skilt ut frå Alvdal i 1914. Folldal er ei fjellbygd som omfattar den øvre delen av Folldalen med sidedalar, vest for Alvdal og Tynset. I nordvest grensar kommunen til Trøndelag (Oppdal), i sørvest til Dovre og Sel. Denne grensa går gjennom den nordaustlege delen av Rondane, og har vore omdiskutert. Ho vart fastlagd siste gong ved kongeleg resolusjon i 1978.
Folldal
Faktaboks
- Etymologi
-
etter elva Folla
- Administrasjonssenter
- Folldal
- Fylke
- Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Hedmark)
- Innbyggjartal
- 1 532 (2024)
- Landareal
- 1 260 km²
- Høgaste fjell
- Rondslottet (2178 moh.)
- Innbyggjarnamn
- folldøl
- Målform
- nøytral
- Kommunenummer
- 3429 (frå 01.01.2020, tidlegare 0439)

Kommunevåpen

Natur

Folldal. Krokhaug i Folldalen. Rondane i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.
Berggrunnen i den sørvestlege delen (Rondane) består av sparagmitt frå eokambrium, medan der er fyllitt og jamnare fjellvidder nord for Grimsdalen. Fyllitten er somme stader gjennomtrengd av gabbro og granitt, som i nord dannar toppar som Høg-Gia (1641 meter over havet).
I dalsidene finst mektige sandavsetningar (som Grimsmoen) som vart avsette på botnen av ein bredemd sjø. I Rondane, på grensa til Dovre, ligg den høgaste toppen i kommunen, Rondslottet (2178 meter over havet), som også er det høgaste fjellet i tidlegare Hedmark fylke. I Folldals del av Rondane finst der sju toppar til som er høgare enn 2000 meter.
I vest går både Dovre nasjonalpark og Rondane nasjonalpark inn i kommunen. På nordsida av dalen er store område verna som naturreservat og landskapsvernområde. I alt er 42 prosent av kommunens areal verna etter naturmangfoldlova.
Klima
Folldal har eit tørt kontinentalt klima med kalde vintrar og varme somrar. Årsmiddeltemperaturen er 0,4 °C med månadsmiddel -10,4 °C i januar og 12,3 °C i juli. Årsnedbøren er 407 mm med april som tørraste og august som mest nedbørrike månad.
Befolkning og busetjing
Folketal
1951 | 2372 |
---|---|
1952 | 2386 |
1953 | 2387 |
1954 | 2379 |
1955 | 2374 |
1956 | 2383 |
1957 | 2377 |
1958 | 2347 |
1959 | 2302 |
1960 | 2348 |
1961 | 2303 |
1962 | 2284 |
1963 | 2232 |
1964 | 2198 |
1965 | 2191 |
1966 | 2194 |
1967 | 2253 |
1968 | 2264 |
1969 | 2209 |
1970 | 2218 |
1971 | 2213 |
1972 | 2198 |
1973 | 2196 |
1974 | 2233 |
1975 | 2228 |
1976 | 2207 |
1977 | 2220 |
1978 | 2230 |
1979 | 2213 |
1980 | 2217 |
1981 | 2203 |
1982 | 2201 |
1983 | 2183 |
1984 | 2165 |
1985 | 2138 |
1986 | 2110 |
1987 | 2036 |
1988 | 2000 |
1989 | 2015 |
1990 | 2022 |
1991 | 1989 |
1992 | 1946 |
1993 | 1923 |
1994 | 1918 |
1995 | 1918 |
1996 | 1894 |
1997 | 1878 |
1998 | 1854 |
1999 | 1826 |
2000 | 1814 |
2001 | 1812 |
2002 | 1753 |
2003 | 1764 |
2004 | 1739 |
2005 | 1717 |
2006 | 1722 |
2007 | 1695 |
2008 | 1674 |
2009 | 1671 |
2010 | 1669 |
2011 | 1660 |
2012 | 1641 |
2013 | 1654 |
2014 | 1631 |
2015 | 1597 |
2016 | 1592 |
2017 | 1577 |
2018 | 1569 |
2019 | 1577 |
2020 | 1545 |
2021 | 1518 |
2022 | 1530 |
2023 | 1519 |
2024 | 1532 |
Folldal blei busett i første halvdel av 1600-talet, men først då gruvedrifta begynte i 1748, blei det busetnad av betydning. Omkring gruvene til Folldal Verk, i lia på nordsida av Folla, voks tettstaden Folldal fram. Det meste av busetnaden i dag ligg i Nybyen, på det noko flatare partiet ned mot Folla og fylkesveg 29.
Folldal er administrasjonssenteret i kommunen og den einaste tettstaden. Hovuddalen elles har den mest vesentlege busetjinga i dag. Resten av busetjinga er til dels svært spreidd, og har grunnlag i jordbruket. Folketalet i Folldal har vore i tilbakegang sidan 1970-åra. I tiårsperioden 2015–2024 gjekk folketalet tilbake med 4,1 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i heile Innlandet. I 2024 var 18 prosent av befolkningen under 20 år (22 prosent for hele landet) og 30 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).
Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Folldal med 509 innbyggjarar (2023). 33 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,0 km².
Næringsliv

Folldal Verk var den klart viktigaste arbeidsplassen i Folldal fram til 1993, då drifta stansa. I perioden 1970–1993 skjedde gruvedrifta på Hjerkinn i nabokommunen Dovre. Driftsbygningane frå gruvedrifta er delvis flytta frå Hjerkinn til Folldal. Desse blir nytta for ny industriverksemd med mellom anna Norfolier GreenTec AS, som driv gjenvinning av landbruksplast. I Folldal sentrum ligg næringsmiddelbedrifta Primar AS, som mellom anna produserer bakalao.
Jordbruksarealet er i hovudsak eng og beite, og hovudinntekta kjem frå husdyrhald. Rike fjellbeite og gode seterbilvegar gjer at seterbruket framleis er av betydning. 13 prosent av sysselsetjinga i kommunen er innan jord- og skogbruk, 11 prosent i industrien (2021). Turistnæringa betyr etter kvart mykje, med turiststasjonar, gjesteheimar og liknande som utgangspunkt for fjellturar i Rondane og Dovrefjell.
Folldal har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Einunna (i drift fra 1955), med ein årleg produksjon på 56,5 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Østerdalen Kraftproduksjon.
Samferdsel
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Folldal høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Fjellregionen regionråd saman med Alvdal, Os, Rendalen, Røros, Tolga og Tynset.
Folldal kommune svarer til dei to sokna Folldal og Øvre Folldal i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Folldal til Nordre Østerdalen fogderi (futedømme) i Hedemarkens amt.
Delområde og grunnkrinsar i Folldal

For statistiske føremål er Folldal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 15 grunnkrinsar: Ryeng, Grimsbu, Brandsnes, Atnedal, Søndre Kirkekrets, Nordre Kirkekrets, Morkagrenda, Verket, Husom, Dalen østre, Dalen vestre, Slåen, Folldal Østfjell nord, Folldal Østfjell sør og Folldal sentrum.
Historikk og kultur
Folldal Bygdetun ligg ved Streitlien og er eit friluftsmuseum med dekorerte bygningar frå Folldal og Dovre, samla av Tore Segelcke og Anton Raabe. Folldal Gruver er no eit bergverksmuseum om Folldal Verks gamle verksemd frå 1748 med gjenstandar og utstyr. Folldal kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1882 i nygotisk stil.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet blei godkjent i 1988 og har ei skrått framveksande hakke av gull mot raud bakgrunn. Motivet symboliserer jordbruk og gruvedrift.
Kart

Les meir i Store norske leksikon

Folldal kommune i Innlandet fylke.
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Streitlien, Ivar A.: Bygdebok for Folldal, 1974–98, 4 bind. (bind 4: Folldal verks historie, red. av Bjørn Bækkelund og S.J. Kalvatn). Les boka på nb.no
- Støen, Vidar: Utvandrerhistorie for Folldal: håpet om ei bedre framtid, 2002.
- Sæter, Ivar: Foldalen, 1920. Les boka
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.