Fjordenes Tidende er ei norsk lokalavis i Måløy som vart grunnlagt i 1910. Papirutgåva kjem ut to gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Fjordenes Tidende er lokalavis for Vågsøy, Bremanger, Selje, Eid og deler av Vanylven. Avisa er frå 2009 eigd av Polaris Media ASA og er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Fjordenes Tidende
Faktaboks
- Offisielt namn
- FJORDENES TIDENDE AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Måløy
- Dagleg leiar
- Dag Nestegard (Ansvarleg redaktør)
- Styreleiar
- Frank Emblem

Digitalt
Fjordenes Tidende har innført betalingsmur for ikkje-abonnentar som vil lese avisa på nett. Det daglege talet på lesarar som nytta papirutgåva eller nettavisa var totalt 9927 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Bakgrunn

Det var den strategiske plasseringa som lun hamn rett sør for Stad som gjorde Måløy til ei viktig fiskerihamn. Ved starten av 1900-talet voks det her fram eit bysamfunn og med dét ein potensiell avismarknad. Men Måløy mangla eit organ for annonsar og politisk ordskifte.
Det blei oppfatta som ein hemsko for utviklinga at staden låg under det agrare Selje herad, men i 1910 blei Måløy senter i Sør-Vågsøy herad.
Etablering
Ekspeditør Per Sunde, overrettssakførar Kristofer Bernhard Hagen og andre framståande menn byrja i 1909 å planleggje ei avis. I 1910 blei Fjordenes Tidende skipa som organ for det næringsliberale partiet Frisinna Venstre.
I 1931 var det knapt høvdingar att i dette partiet, og Høgre tok over avisa.
Fjordenes Tidende brukte riksmål, slik det høvde seg for byfolk som ville markere avstand til bondebakgrunnen sin. Avisa var fylt av telegram og referat, og så turr at ho blei kalla «Kavringen» på folkemunne.
Konkurranse frå Nordfjord Folkeblad
Etter initiativ frå hermetikkfabrikkeigar Johan Gotteberg fekk Måløy i 1933 ei ny avis som var langt friskare og informativ. Nynorsk, norskdom og andre Venstre-saker var grunnlaget for Nordfjord Folkeblad med Per Osdal som redaktør. I 1936 tok J.M. Steffensen over som redaktør. Steffensen hadde vore redaktør i Tidende og tok opp kampen ved å auke Folkebladet frå to til tre nummer i veka. Fjordenes Tidende sleit økonomisk, men følte seg tvungen til å gjere det same.
Krigsåra
Folkebladet blei stogga i 1940, medan Tidende kom ut under heile krigen. Folkebladet kom tilbake i 1948, men måtte gje seg 5. januar 1952 etter at trykkarane flytta til Bergen.
Etterkrigstida
I 1964 blei Måløy senter i ein større kommune. Året etter blei Per-Gunnar («pg») Larsen redaktør i Tidende og fekk sving på journalistikken. Larsen utvida lesarskaren ved å gjere avisa til eit talerøyr for distriktet og uredd kamporgan for Nordfjord sjukehus på Eid.
På 1980-talet gjekk avisa med millionoverskot.
Eigarskifte
I 1994 selde Høgres pensjonskasse aksjane sine til Sunnmørsposten, som var eigd av Orkla Media. I 2006 blei Orkla Media (seinare Edda Media) kjøpt av det britiske Mecom. Polaris Media kjøpte Sunnmørsposten i 2009.
Opplag
Opplagstal for Fjordenes Tidende, 1986-2023
År | Opplag |
---|---|
1932 | 1000 |
1957 | 3471 |
1960 | 4037 |
1970 | 5509 |
1979 | 7003 |
1990 | 6832 |
1998 | 6889 |
2008 | 5485 |
2010 | 5400 |
2015 | 2423 |
2022 | 4635 |
2023 | 4780 |
Fakta
- Fyrste nummer 5.4.1910
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.