Faktaboks

Administrasjonssenter
Fitjar
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
3 203 (2024)
Landareal
135 km²
Høgaste fjell
Mehammarsåta (680 moh.)
Innbyggjarnamn
fitjabu
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4615 (frå 01.01.2020, tidlegare 1222)

Kommunevåpen

Kart: Fitjar kommune i Vestland
Fitjar kommune i Vestland fylke.
Kart: Fitjar kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Fitjar

Fitjar. Administrasjonssenteret sett frå nord. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Fitjar er ein kommune i Vestland fylke, nordvest i Sunnhordland. Mesteparten (114 kvadratkilometer) av Fitjar kommune ligg på den nordvestlege delen av øya Stord. Kommunen omfattar elles rundt 350 øyar, holmar og skjer på sørsida av Selbjørnsfjorden som går inn frå havet nord for Bømlo og Stord.

Fitjar vart oppretta som kommune i 1863 ved utskiljing frå Stord. I 1868 ble eit mindre område i sør med 10 personar overført frå dåverande Moster kommune. Kommunen hadde så uendra grenser fram til 1964 då områda som høyrde til Fitjar nord for Selbjørnsfjorden (søndre delen av øyane Selbjørn og Huftarøy) med i alt 696 personar, vart overførte til Austevoll kommune.

Siste grenseregulering hadde Fitjar i 1995 då øyane på vestsida av Stokksund: Aga eller Agøy (sjå Aga – Bømlo) og Agasystra med fleire i sør og Vikøya, Gisøya med fleire i nord. Desse øyane utgjorde i alt rundt 16 kvadratkilometer og hadde 225 innbyggjarar då dei vart overførte til Bømlo kommune.

Fitjar grensar etter dette til Stord i søraust og elles i sjøen mot Austevoll i nord, Tysnes i nordaust og Bømlo i sørvest.

Natur

Berggrunnen i heile kommunen høyrer til den kaledonske fjellkjeda, mest gabbro lengst nord på øya Stord, grønnstein sør for administrasjonssenteret Fitjar (Fitjarsjøen) og granitt i dei vestre delane av øya Stord og på øyane i vest. Områda på Stord er dei mest berglendte i Fitjar og når også høgast (680 meter over havet) i den nordvestre utløparen av Mehammarsåta (749 meter over havet), det høgste fjellet i Stord kommune.

Det er eit ope lågland rundt tettstaden Fitjar. Øyane i vest er låge, og farvatnet mellom dei ureint.

Busetnad og folketal

Folketal

1951 3092
1952 3087
1953 3114
1954 3123
1955 3152
1956 3157
1957 3148
1958 3175
1959 3186
1960 3172
1961 3178
1962 3191
1963 3201
1964 2431
1965 2426
1966 2438
1967 2459
1968 2475
1969 2515
1970 2520
1971 2504
1972 2537
1973 2588
1974 2637
1975 2721
1976 2773
1977 2828
1978 2818
1979 2882
1980 2888
1981 2912
1982 2947
1983 2950
1984 2979
1985 2994
1986 2998
1987 3014
1988 3038
1989 3089
1990 3072
1991 3086
1992 3122
1993 3128
1994 3142
1995 2934
1996 2932
1997 2935
1998 2952
1999 2962
2000 2992
2001 2978
2002 2921
2003 2892
2004 2911
2005 2895
2006 2901
2007 2897
2008 2912
2009 2908
2010 2931
2011 2929
2012 2944
2013 2980
2014 3009
2015 3093
2016 3140
2017 3189
2018 3194
2019 3201
2020 3189
2021 3147
2022 3117
2023 3181
2024 3203
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Fitjar er den minste av kommunane i Sunnhordland etter areal og den nest minste etter folketalet med 5,3 prosent av folketalet i Sunnhordland (2024).

Noko over halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Fitjar nordvest på øya Stord. Busetnaden elles finn ein for det meste langs vestsida av Stord.

Folketalet i Fitjar auka med gjennomsnittleg 0,3 prosent årleg i perioden 2014–2024 mot 0,3 prosent i heile Sunnhordland og 0,6 prosent i Vestland fylke (etter grensene i dag).

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Fitjar med 1796 innbyggjarar (2023). 56 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,6 km².

Kart over Fitjar kommune
Kart over Fitjar kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Utanom offentleg administrasjon er industri og bergverk viktigaste næringar i Fitjar med 17 prosent av arbeidsplassane (2022), 30 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning/renovasjon. Dominerande industribransje er verkstadsindustrien, særleg bransjane maskinindustri og skipsbygging. For øvrig har Fitjar noko kjemisk industri. Store arbeidsplassar er Fitjar Mekaniske Verksted AS (skipsbygging), Engevik & Tislevoll (byggentreprenør) og Wärtsilä Ship Design Norway AS.

På Fitjarfjellet vart Midtfjellet Vindpark sett i drift i 2012. Han har 55 vindturbinar med ein samla installert effekt på 150 MW og ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 434 GWh. Denne parken gir Fitjar kommune per 2023 27 prosent av den samla vindkraften i Vestland fylke.

Fitjar har lite vasskraftproduksjon. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 6,35 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Årskog (i drift fra 1996), som står for om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre kraftverk i kommunen er Rimbareid (2001) og Vistvik (1995).

Primærnæringane har mykje å seia for Fitjar med ti prosent av arbeidsplassane i kommunen (2023). Jordbruket er dominert av storfe- og sauehald. Fitjar er blant dei viktigaste kommunane i Sunnhordland når det gjeld ilandført kvantum fisk etter verdi. Det blir drive noko fiskeoppdrett i Fitjar, blant anna i Engesundet nordvest i kommunen.

Turisttrafikken i kommunen er i vekst, og det er etablert mange hytteområde. Særleg må nemnast hyttefeltet Kråko på ei halvøy sørvest for kommunesenteret. Fitjar Fjordhotell ligg i tettstaden.

Av dei busette arbeidstakarane i Fitjar har 49 prosent arbeidsstad utanfor kommunen (2023); av desse 35 prosent i dei andre kommunane i Sunnhordland/Austevoll (31 prosent i Stord åleine). Elles har tre prosent av dei busette arbeidstakarane i Fitjar arbeid både i Bergen og i kommunane på Haugalandet i alt (Haugesund, Karmøy, Tysvær og Vindafjord). Endeleg har to prosent arbeid i Stavangerområdet (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg).

Samferdsle

Fitjar sentrum
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kyststamvegen E39 går på austsida og Fylkesveg 545 på vestsida av øya Stord. Dei fører til trafikknutepunktet Leirvik søraust på øya. Herifrå går det snøggbåt til Austevoll, Flesland og Bergen og til det øvrige Sunnhordland.

Ferjestaden Sandvikvåg nord på øya Stord har bilferjesamband med Husavik i Austevoll kommune og med Halhjem i Bjørnafjorden kommune på Bergenshalvøya. Sambandet Sandvikvåg–Halhjem på E39 har hovudtyngda av trafikken mellom Bergen og Stavanger via Sunnhordland og Haugesund.

Ekspressbussruta mellom Bergen og Stavanger (Kystbussen) følgjer E39 gjennom kommunen. Trekantsambandet, som utgjer ein del av kyststamvegen E39 mellom Kristiansand og Trondheim, gjev fastlandssamband sørover til Haugesundshalvøya for kommunane Bømlo, Stord og Fitjar.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Fitjar høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Austevoll, Bømlo, Etne, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Fitjar kommune svarar til soknet Fitjar i Sunnhordland prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Fitjar til Søndhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Fitjar

For statistiske føremål er Fitjar kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 15 grunnkrinsar: Brandasund, Haslevik, Engesund, Osternes, Hageberg, Fitjar 1, Fitjar 2, Fitjar 3, Fitjar 4, Fitjar 5, Fitjar 6, Fitjar 7, Tislevoll 1, Tislevoll 2 og Sælevik.

Historikk og kultur

Minnestøtta av Håkon den Gode ved avdukinga i 1961.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Gravrøysa Rimsvarden er truleg frå bronsealderen. Fitjar er nemnd i Snorres kongesoger. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike i Hafrsfjord, vart stormannsgarden Fitjar kongsgard. Garden var krongods til han vart seld i 1665. Sonen til Harald, Håkon den gode, fekk banesåret sitt i kamp mot Eirikssønene her i 961, under slaget ved Fitjar. Dette er tema for det årlege sogespelet «Kongen med gullhjelmen», med manus av Johannes Heggland. Fitjar kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd 1867. Framfor kyrkja står Anne Grimdalen si minnestøtte av Håkon den gode, avduka 1961.

Årskog museum var ei gåve til kommunen i 1980, og museet viser korleis fiske og jordbruk var ein vanleg kombinasjon i kyst-Noreg.

Avisa Sunnhordland vert redigert frå Leirvik i Stord, men er òg lokalavis for Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Avisa vart grunnlagd i 1902, har vore redigert på nynorsk frå 1919 og kjem ut fem gonger i veka.

Namn og kommunevåpen

Fitjar har ikkje eit godkjent kommunevåpen, det blir av Riksarkivet nemnd som kommunemerke. Motivet blei utforma av den lokale kunstnaren Magnus Hardeland i slutten av 1940-åra og teke i bruk noko seinare. Det syner ein gullhjelm mot ein blå bakgrunn. Ifølgje Snorre bar Håkon den gode ein forgylt hjelm i slaget på Fitjar i 961.

Namnet er fleirtal av norrønt fit, ‘frodig grasmark’, særleg ved vatn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg