Firda Folkeblad
Historie
Under Martin Vanberg si leiing hadde Venstre-avisa Søndfjords Avis i Florø vore blant dei mest kompromisslause unionsmotstandarane i tida fram mot unionsoppløysinga i 1905. Hausten det året blei Vanberg sjuk, og Ole Johan Vassbotten tok over og drog avisa hardt over til høgresida. Venstre-veljarane stod difor brått utan avis i Sunnfjord. Ingvald Førre og David Lervåg tok initiativ til å starte opp ei ny Venstre-avis i Askvoll. Med seg på laget hadde dei ordføraren i Fjaler, David Olsen Bakke, med fortid som bladstyrar i Firda- og Sygnafylkets Avis frå slutten av 1880-talet. Bakke var ein sentral person i norskdomsrørsla og seinare stortingsmann for Venstre.
Ingvald Førre skipa eit trykkeri i «Olsenbua» i Askvoll, og derifrå kom fyrste nummer av Firda Folkeblad 1. april 1906. Få månadar etter overtok Erik Natvik trykkinga av avisa, og i 1909 kjøpte han både trykkeriet og avisa saman med bladstyrar Ola Hestebeit. Noko seinare tok eit nyskipa lutlag over avisa og flytta henne frå Askvoll til Florø, der avisa kom ut 9. september 1909 med «Maalsaki, Avhaldsarbeidet og Koncessionsspursmaali» på programmet. Få månadar seinare var Søndfjords Avis utkonkurrert.
Blir nynorskavis
I 1917 gjekk avisa heilt over til nynorsk. Ho tok tilbake sitt gamle namn Firda Folkeblad då Nordre Bergenhus amt endra namn til Sogn og Fjordane i 1919, samstundes som ho ei kort periode gjekk frå to til tre utgåver i veka.
Lærar, Venstre-politikar og ordførar Ludvig Botnen var redaktør frå 1934 til han vart vald inn på Stortinget i 1961. Då overtok Alf Folkestad. Også han verka som redaktør i ei årrekkje og seinare som journalist for bladet til det gjekk inn.
Folkebladet kan reknast som ei av dei bygderadikale Venstre-avisene i landet og kniva med Høgre-avisa Nordre Bergenhus Amtstidende. Dei to avisene hadde stendige spark til kvarandre om fortolking av til dømes stortingsvedtak kontra lokale ynskje. Då Firda Folkeblad i 1930 tala for at landsmålet skulle verte hovudmål i all undervisning over heile landet, meinte Amtstidende at dette vitna om at Folkebladet i ekstrem grad la distriktsomsyn til grunn for den nasjonale politikken.
Etter andre verdskrigen tok A-pressa opp konkurransen og starta Firdaposten i 1948. Høgre-avisa i byen forsvann allereie i 1957. Firda Folkeblad tapte gradvis terreng, og siste utgåve kom 21. august 1992.
Fakta
Opplagstall for Firda Folkeblad, 1986-1991
1920 | 1850 |
---|---|
1932 | 2000 |
1950 | 3000 |
1959 | 3444 |
1964 | 3608 |
1972 | 3426 |
1983 | 2254 |
1986 | 2092 |
1988 | 2297 |
1990 | 2140 |
1991 | 2013 |
- Firda Folkeblad: fyrste nr. 1. april 1906.
- Skifta namn til Nordre Bergenhus Folketidende frå 3. januar 1908, siste nr. 30. juni 1919.
- Skifta namn til Firda Folkeblad 3. juli 1919, førebels siste nr. 9. april 1942.
- Fyrste nr. etter andre verdskrigen 16. mai 1945. Siste nr. 21. august 1992.
- Slegen saman med Fylkestidende for Sogn og Fjordane og kom ut i perioden 5. november 1942 til 5. mai 1945 under tittelen Folkebladet for Sogn og Fjordane.
Les meir i Store norske leksikon
Referansar
- Losnegård, Gaute: «Avisredaksjonen i Askvoll», Sogehefte for Askvoll kommune nr. 14. Askvoll 2001.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.