Filip kjem av gresk Philippos som er eit toledda mannsnamn: Phil-hippos. Forleddet tyder ‘venn’ og etterleddet ‘hest’. Dette samansette namnet har som heilskap meiningsfull tyding: ‘hestevenn’.
Filip (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Filip
Eit utval personar med namnet Filip, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Filip 2. (konge av Makedonia) (-382–-336)
- Filip 2. August (1165–1223)
- Filip 4. den smukke (1268–1314)
- Filip 6. av Valois (1293–1350)
- Filip 3. den godmodige (1396–1467)
- Filip 1. den smukke (1478–1506)
- Filip 2. (av Spania) (1527–1598)
- Filip 3. (1578–1621)
- Filip 4. (1605–1665)
- Filip 2. (regenten) (1674–1723)
- Filip Ingebrigtsen (1993)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 949 menn i Noreg som hadde Filip som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 218 gutar som fekk namnet Filip, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Filip er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Joakim, Lukas, Markus, Mathias, Mikael, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Filip var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Philip.)
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.