Fedje er ein kommune i Nordhordland i Vestland. Fedje ligg i havgapet vest i fylket, vest for Fedjefjorden og nord for Fedjeosen. Kommunen består av den 7,2 km2 store øya Fedje og 124 andre mindre øyar, holmar og skjer.
Fedje
Faktaboks
- Administrasjonssenter
- Fedje
- Fylke
- Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
- Innbyggjartal
- 519 (2024)
- Landareal
- 9 km²
- Høgaste fjell
- Fedjebjørnen (42 moh.)
- Innbyggjarnamn
- fedjing
- Målform
- nynorsk
- Kommunenummer
- 4633 (frå 01.01.2020, tidlegare 1265)
Natur
På øya Fedje består berggrunnen av opphavleg prekambriske bergartar som blei sterkt omdanna under den kaledonske fjellkjedefaldinga for cirka 400 millionar år sidan. Den sentrale og vestlege delen av øya består av ein massiv, nesten granittisk gneis, medan dei andre delane har skifrige, oppsprokne gneisar. Her finst også bergartar som pegmatitt og amfibolitt.
På øya Holmengrå lengst nord i kommunen finst langt yngre bergartar (konglomerat) frå devontida. Denne bergarten finst òg på øyane nord for munningen av Sognefjorden.
Øyane i kommunen er låge og lyngkledde, og det høgaste punktet er 42 meter over havet (Fedjebjørnen) søraust på øya Fedje. Øya er prega av store myrområde. Over 200 fugleartar er observerte i kommunen, som også har den største bestanden av grågås i fylket. Her er landskapsvernområde og sjøfuglreservat.
Busetjing
Den første faste busetjinga skriv seg tilbake til 1600-talet. Storparten av dagens befolkning bur omkring ei god, naturleg hamn på den nordlege delen av øya Fedje. Her ligg administrasjonssenteret Fedje.
Fedje har vist minkande folketal sidan krigen. I tiårsperioden 2007–2017 var nedgangen gjennomsnittleg 0,5 prosent årleg, mot ein vekst på 1,3 prosent årleg i fylket samla sett.
Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Fedje med 382 innbyggjarar (2023). 74 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,6 km².
Næringsliv
Næringslivet er dominert av transportverksemd, som står for 34 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Dette er den klart høgaste prosentdelen i denne næringa blant kommunane i fylket (2016). Den høge prosentdelen kjem ikkje minst av Fedje trafikksentral. Uniko – Sikkerhetssenteret på Fedje driv tryggleiksopplæring for sjøfolk.
Industrien er beskjeden og utgjorde seks prosent av arbeidsplassane i kommunen i 2016, 12 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Industrien består i hovudsak av verkstadindustri, mellom anna mekanisk verkstad. Det blei drive eit lite ølbryggjeri i kommunen, Northern & Co., som i 2018 la om til whiskydestillering.
Tidlegare var tradisjonelt fiske av vesentleg betydning. I dag blir det drive noko fiskeoppdrett. Bjellands gamle sardinfabrikk er ombygd til reiselivsføremål, og reiselivet er generelt ei næring i vekst. Det blir drive eit relativt beskjedent jordbruk i kommunen, og primærnæringane samla har berre vel to prosent av arbeidsplassane i kommunen (2016).
Av yrkesaktive som er busette i kommunen, har 34 prosent arbeid utanfor kommunen. Ni prosent arbeider i dei andre Nordhordlands-kommunane samla, og like mange arbeider i Bergen (2016).
Samferdsle
Fedje har bilferjesamband med fastlandet frå Sævrøy i Austrheim. Skipsleia til Bergen inn frå havet følgjer Fedjefjorden mellom Fedje og øyrekkja innanfor. Ved innløpet til fjorden ligg Holmengrå kystfyr. Der er også fyr på Hellisøy sørvest for øya Fedje.
Sjøtrafikksentralen (avdeling av Sjøtrafikkavdeling Vestlandet) er ein av Europas mest moderne overvakingssentralar for sjøfarten. Sentralen dirigerer trafikken i Mongstad–Sture-området, og dessutan aktivitetane til og frå Trollfeltet. Frå 2014 er ansvarsområdet utvida sørover til Vatlestraumen og Hjelteskjæret. Sjøtrafikksentralen hadde tidlegare ansvar for lostenesta i området Måløy–Bergen og Sognefjorden, men dette ansvaret er overført til Kvitsøy losformidling i Rogaland.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Fedje høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Regionrådet Nordhordland saman med Alver, Austrheim, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy.
Fedje kommune svarer til soknet Fedje i Nordhordland prosti (Bjørgvin bispedøme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Fedje til Nordhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.
Delområde og grunnkrinsar i Fedje
For statistiske føremål er Fedje kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 4 grunnkrinsar: Vestkanten, Sentrum, Fedje aust og Stormark.
Historikk og kultur
Fedje har tradisjonelt vore eit viktig fiskevær på kysten. Kvalfangst var i ein lengre periode den viktigaste næringa. Det særeigne myrlandskapet på Fedje er skapt av rydningsarbeid som steinalderbønder utførte for fleire tusen år sidan, då dei brukte Fedje som beitemark og fjerna skogen for å betra vinterbeitet.
Omkring 1900 var det storstilt industriell torvtaking her for å dekkja behovet for brenntorv mellom anna i Bergen. Christopher Kahrs, kjøpmann i Bergen, eigde heile Fedje omkring år 1800. I 1799 kjøpte han handelsstaden Kræmmerholmen, som i dag er restaurert til gjestgiveri og kystkulturmuseum.
Fedje kyrkje er ei langkyrkje i stein frå 1941. Dagens kyrkje er den tredje som står på denne plassen. Ved kyrkja står ein bauta over falne frå andre verdskrigen. Der er også ein kolerakyrkjegard frå 1800-talet. Vinappen var ei viktig tysk forskansing under andre verdskrigen og kontrollerte innseglingane til Bergen og Sognefjorden og dessutan flytrafikken. Hellisøy fyr frå 1855 er ope for publikum i sommarmånadene. Nordsjøløypa, som er ein tursti gjennom Storemarka vest på Fedje, er rik på flora og fauna.
Namn og kommunevåpen
Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har to skrått framveksande årer i sølv mot ein blå bakgrunn. Årer har vore ein viktig reiskap for handelen, samferdsla og fisket i kommunen, og symboliserer det harde strevet med å livnæra seg i Kyst-Noreg.
Namnet kjem av norrønt Feðjar, nært knytt til gotisk faþa, ‘gjerde, skiljevegg’, her i tydinga ‘øyrekkje, øygard’.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Brekke, Nils Georg & Ronny B. Skaar, red.: Fedje : kulturhistorisk vegvisar, 1995
- Skogseth, Arvid: Fedje og folket : gards- og ættesoge for Fedje, 1997
- Tangen, Oskar: Bygdebok for Fedje, 1984
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.