Billie Jean King Cup er ei årleg tennisturnering for kvinnelandslag. Turneringa svarer til Davis cup på herresida.

Faktaboks

Også kjend som

BJK Cup

Kvar landskamp i BJK Cup omfattar fire singlekampar og éin doublekamp. På same måte som i Davis Cup er nasjonane inndelte i grupper etter tidlegare prestasjonar. Dei to øvste er verdsgrupper, derunder fleire kvalifiseringsgrupper i tre ulike geografiske soner. USA har per 2024 flest sigrar, med 18.

Bakgrunn

Ideen om ei eiga kvinneturnering kom i 1919, men Hazel Hotchkiss Wightman møtte motstand mot ideen sin. Frå 1923 innførte ho eit trofé i ein årleg lagkonkurranse mellom USA og Storbritannia. Det tok 40 år før det internasjonale tennisforbundet godtok at turneringa kunne bli verdsomspennande etter forslag frå Mary Hardwick Hare.

Frå 1962 vart den årlege konkurransen open for lag frå heile verda. Fed Cup vart første gong arrangert i 1963 under namnet Federation Cup ved 50-årsjubileet til Det internasjonale tennisforbundet (International Tennis Federation). Namnet vart i 1995 forkorta til Fed Cup før det i 2020 vart oppkalt etter tennisspelaren Billie Jean King.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (1)

skreiv Sverre Olav Lundal

Frå 2021 heiter turneringa The Billie Jean King Cup.https://www.billiejeankingcup.com/en/about/history

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg