Ekteskapet mellom Eufemia og hertug Håkon (den seinare Håkon 5.) vart truleg avtalt på eit dansk-norsk forliksmøte hausten 1298, der faren hennar, fyrst Witzlav, deltok som meklar og garant. Forsøka på å finne ein engelsk og deretter ein fransk ektefelle for hertugen var då definitivt oppgitt. Sommaren 1299 stod bryllaupet, venteleg i Oslo. Samstundes døydde kong Eirik 2. Magnusson, Håkons eldre bror, og Håkon vart konge. Dimed gjekk Eufemia inn i dronningrolla straks ho kom til Noreg. 1. november vart ho og Håkon krona i Oslo eller Nidaros. Kongen heldt stort gjestebod, og «gav mange privilegier og rettarbøter til den heilage kyrkja».
Som medgift fekk Eufemia 3000 mark brent (reint) sølv, og hovuddelen av denne pengesummen vart nytta til å fremme norske interesser i Danmark. Håkons morgongåve til den nye dronninga var ei fast inntekt på 1200 mark sølv, og dertil Bygdøy gård ved Oslo med alle tilhøyrande rettar.
Våren 1300 var Eufemia med på kongens leidangstog til landsenden, og ho medbesegla då det store gåvebrevet som vart utferda for Mariakyrkja i Oslo. I jula 1302 var fyrst Witzlav gjest hos kongeparet i Oslo, for å delta i markeringa av at den eittårige prinsesse Ingebjørg vart trulova med den svenske hertugen Erik Magnusson. Witzlav døydde under dette opphaldet, og testamentet som vart utferda 27. desember, har Eufemia som ein av testamenteksekutorane.
Dronninga var saman med kong Håkon og enkedronning Isabella (som hadde vore gift med Eirik Magnusson) til stades i Jonskyrkja i Bergen i desember 1305 da Arne Sigurdsson vart vigsla til ny biskop av Bergen. Samtidig utferda 16 geistlege og verdslege herrar eit vitnebrev der dei lova å respektere kongens føresegner om dronningas underhald. I 1307 kunngjorde domkapitlet i Nidaros at det til gjengjeld for kong Håkons velvilje og gåver skulle lesast sjelemesse til evig tid for han og dronninga på dødsdagane deira. Detaljerte føresegner om tilsvarande feiring ved Mariakyrkja i Oslo er tatt inn i kongens testament.
Mariakyrkja må ha vore eit fast og sentralt punkt i kongens og dronningas liv. Kyrkja er tilgodesett også i Eufemias testament, og den viktige skipanen (forordninga) frå 1314, som bestemte at prosten ved Mariakyrkja i all framtid skulle vere kongens kanslar, grunngir tiltaket som sjelehjelp for kongeparet. I Mariakyrkja fekk også dronninga og kongen – og fyrst Witzlav – sin siste kvilestad.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.