Faktaboks

Administrasjonssenter
Bruflat
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
1 366 (2024)
Landareal
443 km²
Høgaste fjell
Spåtind (1415 moh.) på grensa til Nordre Land
Innbyggjarnamn
etnedøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
3450 (frå 01.01.2020, tidlegare 0541)

Kommunevåpen

Etnedal
Jordbruket er ei viktig næring i Etnedal.
Etnedal

Etnedal. Synnfjell i haustfargar.

Av /KF-arkiv ※.

Etnedal er ein kommune i Innlandet fylke, rundt 25 kilometer søraust for Fagernes, omkring elva Etna sitt øvre løp. Kommunen blir rekna tradisjonelt til Valdres, sjølv om topografien snarare bind kommunen saman med Land. Kommunen vart oppretta i 1894 ved utskiljing av Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal.

Natur

Kommunen er del av landskapsområdet Valdres, og det øvre løpet av elva Etna renn gjennom Etnedal. Vest for Etnedal finst høgtliggande område mot Valdres. Nordaust i kommunen ligg delar av Synnfjell, som er eit fjellparti mellom Lillehammer og Fagernes. Den høgaste fjelltoppen er Spåtind, med sine 1414 meter over havet, på grensa mellom Etnedal og Nordre Land. Dei slake fjellformasjonane er danna av omdanna leirskifer og kalkfjell. I sparagmitten lengre sør og i grunnfjellsområdet lengst i sør blir dalsidene brattare. Jordbotnen har fruktbar fyllittmorene i liene og elveavsetningar i dalbotnen. Fire prosent av kommunens areal er verna etter naturmangfoldlova.

Befolkning og busetnad

Folketal

1951 2093
1952 1990
1953 1997
1954 2007
1955 1975
1956 2071
1957 2040
1958 2011
1959 2001
1960 1964
1961 1930
1962 1908
1963 1901
1964 1919
1965 1919
1966 1893
1967 1870
1968 1845
1969 1829
1970 1837
1971 1785
1972 1769
1973 1775
1974 1766
1975 1774
1976 1766
1977 1764
1978 1747
1979 1736
1980 1732
1981 1707
1982 1688
1983 1678
1984 1710
1985 1702
1986 1690
1987 1657
1988 1616
1989 1602
1990 1580
1991 1565
1992 1536
1993 1509
1994 1512
1995 1501
1996 1461
1997 1431
1998 1410
1999 1403
2000 1401
2001 1418
2002 1431
2003 1427
2004 1410
2005 1397
2006 1389
2007 1394
2008 1388
2009 1380
2010 1389
2011 1388
2012 1408
2013 1399
2014 1408
2015 1402
2016 1321
2017 1351
2018 1352
2019 1305
2020 1279
2021 1257
2022 1256
2023 1239
2024 1366
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Etnedal er ein av dei minste kommunane i Innlandet i folketal. Folketalet i kommunen har vore jamt minkande sidan andre verdskrig. I tiårsperioden 2015 til 2024 gjekk folketalet tilbake med 2,6 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i heile fylket. I 2024 var 20 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 26 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).

Busetnaden i Etnedal følgjer dyrkingsområda. Fyllitten gir god dyrkingsjord opp mot 800 meter over havet. Busetjinga er spreidd, men nokså samanhengande i hovuddalføra. Den einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Bruflat, rett nord for Tonsåsen.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Etnedal (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Jordbruk og skogbruk har tradisjonelt vore viktige næringar i kommunen, og desse næringane sysselset om lag 13 prosent av dei yrkesaktive innbyggjarane (2023). I jordbruket dominerer husdyrbruket. I skogen vart det i femårsperioden 2018−2022 avverka 40 000 kubikkmeter årleg; tre firedelar var gran.

I dei seinare åra er det etablert ein del småindustri i kommunen. Aven Tre AS har produksjon av lastepallar. Kommunen har òg noko turisme, og det er fleire reiselivsbedrifter i kommunen. Etnedal er ein stor hyttekommune, med 2550 fritidsbustader (2022). Talet på fritidsbustader er tre gonger talet på bustader.

Samferdsel

Fylkesveg 251 går sentralt gjennom kommunen og møter Fylkesveg 33 mot Fagernes ved Høljerast bru like aust for grensa til Nordre Land. I nord fører fylkesvegar til Fagernes/Leira og Gausdal/Lillehammer.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Etnedal høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Etnedal kommune svarer til dei to sokna Bruflat og Nord-Etnedal i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Etnedal til Valdres futedøme i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Etnedal

For statistiske formål er Etnedal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 12 grunnkrinsar: Lundstein, Bruflat, Breien, Byfuglia, Bøvarstogo, Svilosen, Flatøydegard, Rust, Bakkane, Brusveen, Bergene og Bergsbakken.

Historikk og kultur

Bruflat kyrkje
Bruflat kyrkje i Etnedal.
Bruflat kyrkje
Lisens: CC BY SA 3.0

Av kulturminne i kommunen finn ein Bruflat kyrkje, som er ei krosskyrkje frå 1750. Kyrkja vart oppført på sin noverande stad i 1774. Landemerket Lunde bru er ei karakteristisk steinbru, bygd i 1829 som del av den gamle kongevegen til Bergen. Den Bergenske kongeveg er rusta opp frå Bruflat over Tonsåsen. Brua er òg motiv i Etnedal sitt kommunevåpen.

Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut tre dagar i veka, med stoff både på bokmål og nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ei kvelvingsbru i gull mot ein blå bakgrunn. Motivet viser til den gamle Lunde bru.

Kart

Kart over Etnedal kommune
Kart over Etnedal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kart: Etnedal kommune i Innlandet

Etnedal kommune i Innlandet fylke.

Kart: Etnedal kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hvattum, Harald: Gard og bygd i Etnedal, 1989–90, 3 bind. Les bøkene på nb.no
  • Islandsmoen, Olaus: Søre Aurdal og Etnedalen: noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres, 1914. Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg