Frå 1531 prøvde Christian 2., som hadde blitt avsett som konge i 1523, å vinne tilbake Noreg frå den sitjande kongen Frederik 1. På denne tida var både Noreg og Danmark katolske land, men i Danmark var det mange som var tilhengjarar av reformasjonen. Frederik 1. støtta i fleire tilfeller protestantane, medan Christian 2. var katolikk. Av den grunn fekk Christian støtte av den katolske erkebiskopen Olav Engelbrektsson.
I oppgjeret mot «gamlekongen» og erkebiskopen fekk Eske Bille ei todelt oppgåve. Først måtte motstanden knekkjast. Han heldt Bergenhus festning mot Christian 2.s knektar, og sende folk nordover til Trøndelag, der erkebiskopen budde. Billes folk dreiv inn skatt og brende erkebispegarden og to av erkebiskopens setegardar, og han sette i verk handelsblokade i Bergen mot erkebiskopen og hans tilhengjarar. Men deretter la han vekt på å få i stand forsoning. Han møtte på riksrådsmøtet i Bud i august 1533 etter at Frederik 1. var død. Bille vart innvald i det norske riksrådet og var med på vedtaket om å koma til eit felles kongevalmøte i København i juni 1534.
Men i mellomtida hadde Grevefeiden brote ut i Danmark, og då Eske Bille innskipa seg for å reisa til den tillyste herredagen, vart skipet hans kapra, og han vart ført til fangenskap i Lübeck, der han sat til november 1535. Nett på den tid kalla erkebiskop Olav inn til det kjende julemøtet i Trondheim. Dit drog også Eske Bille, med instruks om å arbeida for Frederik 1.s son hertug Christian (den seinare Christian 3.) i Noreg. Christian var lutheranar (protestant) og ville innføre reformasjonen i Danmark og Noreg. Bille nådde fram til Trondheim først etter drapet på Vincens Lunge (som erkebiskopen stod bak). For andre gong på kort tid hamna Bille i fengsel, denne gongen på Tautra, der også fetteren Claus Bille sat.
Før Eske Bille vart sett fri, måtte han signera to brev, begge daterte 4. februar 1536. I det eine lova han å halda Bergenhus og slottslova til det norske riksrådet og ikkje velja nokon annan «herre eller konning paa Norrigis krones wegne» enn den som riksrådet ville ha. I det andre brevet, eit såkalla orfeidebrev, sa han erkebiskopen ansvarsfri for fengslinga. Tilbake i Bergen tilkalla Bille lagmannen og ein av rådmennene, og med dei som vitne braut han i stykke det seglet han hadde fått laga i Trondheim, for å visa at han ikkje kjende seg bunden av breva, som var skrivne under tvang.
Men på same vis som i 1532 tilrådde Eske Bille ein forsonleg politikk andsynes erkebiskopen. Målet hans var å få Christian 3. hylla og godteken som norsk konge mest mogleg i samsvar med norsk statsskikk. Slik må vi forstå det hyllingsbrevet han fekk sett opp 1. juni 1536, utferda av biskop Hoskuld i Stavanger, Eske Bille og Johan Kruckow, som kalla seg Noregs råd nordafjells. Med seg som utferdarar hadde dei Gjeble Pederssøn som leiar for kyrkja, lagmann Guttorm Nilsson og menige rådmenn i Bergen.
Men Christian følgde ikkje rådet om forsoning, han sette alt inn på ei rask avgjerd. 1. september 1536 fekk Eske Bille fullmakt til å senda soldatar nordover, dei drog i slutten av februar det følgjande året, og det vart ei valdsferd. Soldatane plyndra og brende prestegardar, jaga bort erkebiskopens setesveinar og tok godset deira. Erkebiskopen gav opp all motstand og innskipa seg til Nederlanda. Reformasjonen blei no innført i Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.