«Livet er interessant, av di det er vanskeleg», skreiv Berdal i 1952 ved 50-årsjubileet som student. I direktørstolen var han like mykje lærar som bedriftsleiar. Det stod respekt av den strenge, men reinhårige direktøren, men både i sakshandsaminga og i meir private forhold var han også ein viktig rådgivar for dei tilsette, som han typisk nok var dus med. Om han var påhalden med pengane, visste han å hjelpe medarbeidarane sine økonomisk når det trongst.
Læraren i han viste seg ved eit målretta språkpolitisk arbeid. Den interessa delte han med faren Peter, ein ivrig folkehøgskulemann som var med og skipa fleire ungdomslag. Frå første stund var Andvake eit selskap med nynorsk som administrasjonsspråk. Det var ikke mange tilsvarande næringslivsselskap som hadde ein målpolitisk profil. For Andvake hadde det som konsekvens at dei måtte arbeide fram relevant nynorsk terminologi, for forsikringsbransjen. Ord som livstrygding for forsikring, søknad for ansøkning og mange fleire er resultatet av slikt arbeid; i mange tilfelle med overrislingseffekt til bokmålet.
Bakgrunnen frå Krigsskulen viser seg att i Berdals interesse for skyttarlaga. Både lokale turnlag, songlag og lærarlag fekk og gleda av hans smittande entusiasme. Elles var det målrørsla han brukte mykje av fritida si til. I åra 1920–1923 var Berdal styreformann i Det Norske Teatret, der han også var styremedlem i åra 1937–1946. Han styrte Hulda Garborgs stipendfond i over 40 år, frå 1923 til 1965, var styremedlem i Noregs Mållag frå 1934 til 1939 og formann i Norsk Måldyrkingslag frå 1950 til 1957. I åra 1939–1942 var Berdal direksjonsmedlem i Noregs Bank, til okkupasjonsstyret kasta han ut.
Frå 1945 sat han i rådet for Norsk allkunnebok, eit leksikon på nynorsk i ti band som blei avslutta i 1966. Røynsle som publisist hadde han fått frå Umbodsmannalaget Trygd, som gav ut julehefte i åra 1911–1921. Same utgivaren stod også bak fødselsdagboka Aarmálsdagar (1923), prenta i 20 000 eksemplar og laga av Th. Lerdal og Elias Berdal etter forarbeid av Olaf Hanssen.
Med alderen kom helseproblem som Berdal laut slite med dei siste åra. Då han ikkje kunne vere med på 50-årsjubileet til Andvake i 1967, kom styret i staden heim til 'dirken' Berdal.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.