Drangedalsposten er ei norsk lokalavis som kjem ut i Drangedal i Telemark. Avisa vert gitt ut på papir kvar torsdag og som dagleg oppdatert nettavis. Bladet vart grunnlagt i 1999 og er eigd av fleire aksjonærar, mellom anna Østlands-Posten som har den største aksjeposten med 6,6 prosent. Drangedalsposten har frå 2024 eit nært strategisk og praktisk samarbeid med Amedia AS. Avisa dekkjer Drangedal. Drangedalsposten er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Drangedalsposten
Faktaboks
- Offisielt namn
- DRANGEDALSPOSTEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Drangedal
- Dagleg leiar
- Per Flåthe
- Styreleiar
- Øystein Rugtveit

Digitalt
Drangedalsposten kan lesast på alle dei digitale flatene. Nettutgåva vart oppgradert i 2019. Betalingsmur er innført for ikkje-abonnentar.
Opplag
Opplagstall for Drangedalsposten, 1999-2023
tidspunkt | |
---|---|
1999 | 1386 |
2000 | 1458 |
2001 | 1536 |
2002 | 1810 |
2003 | 1815 |
2004 | 1963 |
2005 | 1988 |
2006 | 1980 |
2007 | 1952 |
2008 | 1970 |
2009 | 1954 |
2010 | 1905 |
2011 | 1907 |
2012 | 1941 |
2013 | 1946 |
2014 | 2096 |
2015 | 2060 |
2016 | 1919 |
2017 | 1965 |
2018 | 1948 |
2019 | 1953 |
2020 | 1945 |
2021 | 1798 |
2022 | 1723 |
2023 | 1703 |
År | Opplag |
---|---|
2000 | 1458 |
2005 | 1988 |
2010 | 1905 |
2015 | 2060 |
2020 | 1945 |
2021 | 1798 |
2022 | 1723 |
2023 | 1703 |
Opplagstala til og med 2015 gjeld berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstal som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Første nummer 27. januar 1999
- Avisselskapet formelt skipa 10. februar 1999
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.