Dirdalen er ein dal i Gjesdal kommune i Rogaland. Dalen er rundt ti kilometer lang, frå sørenden av Høgsfjorden i Ryfylke søraustover til Byrkjedal. Dalen har 683 innbyggjarar inkludert Byrkjedal (2017). Øvstabødalen held fram nordaustover frå Byrkjedal til fylkesgrensa mot Agder. Nedst i dalen ligg Dirdal kyrkje, ei lita langkyrkje i tre frå 1903. I Dirdal ligg og Norsk Vegmuseum Region Vest.
Dei nedste rundt seks kilometrane av Dirdalen er brei, flat og forholdsvis tettbygd, medan den øvre delen av dalen er trong og meir sparsamt busett. Rundt Byrkjedal er busetjinga igjen tettare.
Gjennom Dirdalen går fylkesveg 450 frå E39 på Ålgård til Øvre Sirdal. Fylkesveg 450 fører vidare til Austlandet over Suleskard, men vegen er vinterstengd mellom Sirdal og Setesdal. Vegen blir mellom anna brukt til sauetransport mellom Dalane og Jæren og heibeita i Sirdalen og Setesdal i Agder. Frå Gilja går Fylkesveg 4414 til Frafjord, dels gjennom den 3804 meter lange Frafjordtunnelen
I Byrkjedal ligg turistbedrifta Byrkjedalstunet, eit gammalt ysteri som er omgjort til lysstøyperi og serveringsstad.
Namnet kjem av norrønt Digradal, 'den digre dalen'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.