Faktaboks

Offisielt namn
Det Norske Nitridaktieselskap AS / DNN Aluminium A/S
Også kjend som

ofte forkorta DNN

Kallenavn: «Nitriden»

Stifta
1912
Nedlagt
1982
Søderbergomn i Tyssedal, ca 1980
Søderbergomn i Tyssedal, ca 1980
Av /NVIM, via industrimuseum.no.
DNN Tyssedal
DNN Aluminium i Tyssedal. Foto fra 1922.
Av /Norsk Folkemuseum.

Det Norske Nitridaktieselskap var ein norsk aluminiumprodusent grunnlagt 20. august 1912. Bedrifta vart ofte kalla Nitriden. Offisielt var namnet Det Norske Nitridaktieselskap AS, forkorta til DNN AS, frå 1970 DNN Aluminium A/S. Selskapet hadde aluminiumsfabrikkar i Eydehavn (1914–1975) og Tyssedal (1916–1982).

Fram til 1947 var Eydehavn og Tyssedal Norges største aluminiumsprodusent samla sett. I 1926 vart det produsert 14 000 tonn aluminium i Tyssedal. I 1950-, 1960- og 1970-åra låg produksjonen på ca. 20 000 tonn. Eydehavn produserte til samanlikning 10 000 tonn i 1964.

DNN AS var stifta i 1912 av Det Norske Nitridaktieselskap for Elektrokjemisk Industri og det franske Pechiney, med selskapet Societe Generale des Nitures (SGN). Pechiney hadde drive aluminiumsproduksjon heilt frå 1860. I 1923 kom British Aluminium Company Ltd. (BACo), og Aluminium Company of America (Alcoa), inn som medeigarar med ein tredjedel kvar. Alcoa sin del gikk i 1928 over til Aluminium Ltd., det seinere Alcan. Kvar av partene leverte ein tredjedel av aluminiumoksiden og mottok kvar sin tredjedel av det produserte metallet. I 1958 selde Pechiney sin del i selskapet til Alcan og BACo.

På 1960-talet vart det bygd fleire nye fabrikkar både i Norge og andre stader. Produksjonskapasiteten auka stekt. For nye verk låg han gjerne på 120 000 årstonn. Det førte til overproduksjon og svikt i marknaden.

I 1976 overtok staten DNN etter avtale med dei tidlegare eigarane Alcan Aluminium og British Aluminium. Etter at produksjonen av aluminium stansa i 1982, vedtok Stortinget å starte produksjon av ilmenitt i Tyssedal, og selskapet vart vidareført som DNN Industrier AS. Ilmenittproduksjonen starta i 1986. I 1988 vart DNN overteken av Tinfos Jernverk.

Om aluminiumsproduksjon

Støyping av aluminium
Støyping av aluminium
Av /NVIM, via industrimuseum.no.

Aluminiumsproduksjon er ein svært energikrevande prosess. Fem gonger meir energi gjekk med til aluminiumsproduksjon enn til stålproduksjon. Vurdert ut frå kraftbehov er derfor vasskraftlandet Norge veleigna for metallforedling.

Aluminium er framstilt av aluminiumoksid som blir utvunne av jordarten bauxitt. Gjennom smelteelektrolyse blir oksidet redusert til aluminium. Det trengst 2–3 tonn bauxitt til 1 tonn oksid, og dette gjev ½ tonn aluminium.

Til hjelp ved montasje og igangsetting vart det både i Eydehavn og Tyssedal nytta mange franske ingeniørar og montørar i den første oppbyggingstida. Hans Fredrik Hygen vart sendt frå Eydehavn som byggeleiar og var driftsleiar/direktør i Tyssedal i starten. Franskmannen Guesde var sjefsingeniør og nestkommanderande fram til han vart direktør frå 1918 til 1920.

Fabrikken i Tyssedal

Tyssedal, ca. 1917
Tyssedal, ca. 1917
Av /NVIM, via industrimuseum.no.

Fabrikken i Tyssedal var i drift frå 1916 til 1982. Nitriden var hjørnesteinsbedrifta i Tyssedal i om lag 65 år, og den største arbeidsplassen i tettstaden. Driftsstans var det kun frå 1921 til 1923. Frå 1930 til 1937 var det større og mindre innskrenkingar. Tyssedal hadde omkring 1300 innbyggarar tidleg på 1960-talet. I 1964 hadde DNN Tyssedal 400 tilsette mot Eydehavn med 300 tilsette.

DNN produserte for eksport og hadde for det meste utanlandske eigarar. Utviklinga på 1970-talet var lenge usikker i Tyssedal og skapte stor uro lokalt og politisk. Fabrikkanlegget vart rive i 1981/1982.

Historikk

Frå maskinhallen i Tyssedal, ca 1950
Frå maskinhallen i Tyssedal, ca 1950
Av /NVIM, via industrimuseum.no.
Kvinnelige arbeidere DNN Aluminium 1971
På slutten av 1960-talet var det vanskeleg å rekruttera nok menn. Ni kvinner kom då inn i produksjonen frå 1970. I tillegg kom ein del framandarbeidarar frå Tyrkia.
Kvinnelige arbeidere DNN Aluminium 1971
Av /NVIM, via industrimuseum.no.

Selskapet DNN kom til Tyssedal i 1916 fordi DNN-fabrikken i Eydehavn ved Arendal var for liten til å dekka etterspørselen etter aluminium, og fordi AS Tyssefaldene hadde ledig elektrisk kraft og fabrikkområde. Første verdskrigen førte til auka bruk av aluminium. DNN overtok disonibel kraft, bygningar og infrastruktur etter det feilslåtte Hardanger Elektriske Jern- og Stålverk, «Hardangerverket».

Aluminiumsfabrikken vart bygd på rekordtid. Entreprenørfirmaet Høyer-Ellefsen utførte planering og fundament-arbeidet på forsommaren, eit demontert anlegg vart frakta frå USA til tross for krigssituasjonen, og fabrikken vart montert frå juli til desember.

Under andre verdskrigen (1940–1945) var fabrikken under tysk forvalting. Tilførselen av råstoff var ujamn og produksjonen i Tyssedal varierte mellom 5 500 og 11 000 tonn årleg. Berre 30 av 251 omnar var i drift ved slutten av krigen.

Fabrikken i Tyssedal køyrde lenge på produksjonsutstyret og hallane som var monterte i 1916. Omnane var små og opne. I 1953 kom det nye Søderbergomnar i dei gamle hallane. Dette var den siste store investeringa. Men utstyret vart etter kvart lite effektivt og nedslite. Omkring 1970 var DNN i Tyssedal det mest umoderne aluminiumsanlegget i landet. Produksjonen kravde 2,5 gonger så mange arbeidstimar per produsert tonn som hos konkurrentane.

Kraftrettar

I startfasen var overgangen frå Hardangerverket til DNN i Tyssedal komplisert. Kraftkonsesjonen var for 30 000 elektriske hestekrefter. Kraftverksdirektør Ragnvald Blakstad medverka aktivt til løysing. Endeleg kraftleigekonsesjon var ikkje klar før i 1918. DNN kjøpte då Blakstad sine aksjar i Hardangerverket. Selskapet med det namnet var sidan berre bruka for bustadselskapet under DNN sin kontroll.

Etter at den norske stat hadde forhandla fram heimkjøp av kraftressursane i Tyssedal, vart selskapet statsbedrift frå 1. januar 1976. Fagforeininga Elektrokjemisk Arbeiderforening og Odda kommune hadde lagt sterkt press på staten, og regjeringa gav garanti for at arbeidsplassane i Tyssedal skulle oppretthaldast. Det vart planlagt ein ny aluminiumsfabrikk, men neste regjering hadde eit anna syn. «Tyssedalsaka» var ei eineståande industrisak i Norge. Det enda med oppretting av KS Ilmenittsmelteverket.

Miljøproblem og helseplager

Skiftarbeider DNN Aluminium, Tyssedal
Skiftarbeidar med verneutstyr sist på 1970-talet.
Skiftarbeider DNN Aluminium, Tyssedal
Av /NVIM, via industrimuseum.no.

Fluorskadar på skogen nær fabrikken vart registrert alt frå første driftsår i 1917. Etter overgang til Søderberg-omnar og utviding av produksjonen, auka omfanget. Omnane var opne og folk fekk helseproblem. Sau på beite i fjellsida nord for Tyssedal fekk kjeveskadar. Det kom krav til redusert røykutslepp, noko som medførte avgrensa produksjon. Kapasiteten var utvida til 25 000 tonn i 1969, men dette kunne ikkje nyttast fullt ut.

Avvikling

DNN Eydehavn vart lagt ned frå 1975. Også i Tyssedal såg eigarane Alcan og BACo mange ulemper. Tomta var for lita for utviding, det var røyk og fluorplager, vanskeleg å skaffa arbeidsfolk og overproduksjon av aluminium i store, driftseffektive verk i verda. Alcan satsa vidare i Norge gjennom Årdal-Sunndal Verk.

Konjunktur-nedgangen kom alt frå 1968. Produksjonen i Tyssedal gjekk likevel heilt fram til 1981 på grunn av den billege krafta. Den lokale motstanden mot nedlegging og overføring av kraft og presset mot staten i spørsmålet om arbeidsplassgaranti, kan ha medført utsetting av tidspunktet for nedlegging. Distriktspolitiske omsyn var vurdert på den einsidige industristaden.

Industripolitiske tiltak vart iverksatt for å ta vare på industriarbeidsplassane. Stortinget vedtok etter lang debatt i 1983 at aluminiumsverket skulle erstattes av eit ileminitt-smelteverk. I 1988 vart verket overtatt av Tinfos Jernverk. Smelteverket (Tinfos Titan & Iron) foredla ilmenittkonsentrat fra Titanias anlegg i Sokndal til titandioksid-slagg og spesialråjern. TTI vart i 2008 kjøpt opp av det franske konsernet Eramet.

Fabrikken i Eydehavn

Fabrikken i Eydehavn ved Arendal vart etablert i 1914. Det Norske Nitridaktieselskap var i tillegg til Arendal Smelteverk den andre store industribedriften som vart anlagt her. Begge bedrifter vart etablert etter initiativ fra Sam Eyde, og begge var produkter av Eydes samarbeid med utanlandske interesser. Medan han ved opprettinga av Smelteverket arbeidde tett med tyskarar, var det fransk industri som hadde mykje av regien då DNN vart etablert.

I likheit med Smelteverket vart DNN ein storkunde for kraftselskapet Arendal Fossekompani.

DNN Aluminium i Eydehavn vart nedlagt i 1975.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (1)

skreiv Knut A. Rosvold

Heter nå DNN Industrier. Artikkelen bør oppdateres.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg