Daghild er eit nylaga kvinnenamn (1894). Forleddet Dag- kan vere tatt frå til dømes Dagmar, og -hild som finst som etterledd i mange kvinnenamn.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Daghild Smebye fødd 1894 i Skien, busett i Kristiania i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Daghild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon