Faktaboks

Offisielt namn
DØLEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Vinstra
Dagleg leiar
Julie Molvik
Styreleiar
Reidar Kjæstad
Logo
Logo
Av .

Opplagstal for Dølen 2005-2023

2005 3561
2010 4292
2015 3839
2020 4211
2021 4453
2022 4469
2023 4507
Kilde: Mediebedriftenes Landsforening

Dølen (avis) er ei norsk lokalavis som kjem ut på Vinstra, på papir ein dag i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Dølen dekkjer Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar i Gudbrandsdalen. Avisa produserer også lokal-fjernsyn.

Avisa vart grunnlagt i 1997 og er eigd av Gudbrandsdølen Dagningen AS og Skjåk Mediautvikling AS. Begge har ein eigardel på 50 prosent i avisa.

Avisa Dølen innleia i 2016 eit nært teknisk samarbeid med Polaris Media. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.

Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 7578 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Opplag

År Opplag
2005 3561
2010 4292
2015 3839
2020 4211
2021 4453
2022 4469
2023 4507

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Opplagstala er dei som vert rapportert til Mediebedriftenes Landsforening i andre halvår.

Fakta

  • Dølen vart skipa som selskap 29. april 1997
  • Første nummer kom ut 31. juli 1997

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg