Imogen i hola til gjetarane
Imogen sørgjer over Posthumus i hola til Guiderius og Aviragus, i eit vassfargemåleri av Mary Hoare, Imogen in the Cave, 'Cymbeline', Act III, Scene VI (1782).

Cymbeline er eit skodespel av William Shakespeare, som ein trur kan ha vore skrive om lag 1609–1611.

Faktaboks

Uttale

simbəlin

Handling og sjanger

Iachomo i kista

Iachomo i sengekammeret til Imogen, frå den første illustrerte utgåva av Shakespeare, redigert av Nicholas Rowe. Gravering av Francois Boitard (1709).

Av .
Lisens: Wikimedia Commons

Cymbeline er kategorisert som ein tragedie i førstefolioen (Shakespeares samla verk, 1623), men blir ofte omtala som ein komedie, tragikomedie eller ein såkalla romanse (ei forteljing eller teaterstykke om heltemot, magi og kjærleik).

Handlinga går føre seg i det keltiske Britannia (dagens England og Wales), der Cymbeline er vasallkonge for det Romerske imperiet. Før stykket startar, har prinsesse Imogen i løynd gifta seg med den ikkje-adelege Posthumus. Dronninga er rasande fordi ho hadde sett ut sin eigen son frå eit tidlegare ekteskap, Cloten, som ektemann til Imogen. Imogen stenger seg inne i gemakkane sine, medan Posthumus blir tvungen til å rømme til Italia. Der møter han Iachomo, som ikkje trur på at Imogen er så trufast om Posthumus skal ha det til. Han veddar på at han kan forføre ho og reiser til England, gøymer seg i ei kleskiste og kjem seg slik inn i sengekammerset til Imogen. Når han møter Posthumus igjen heime i Italia, kan han fortelje i detalj om soverommet til Imogen og til og med føflekken ho har ved brystet.

Postumus blir rasande av sjalusi og gir ordre til ein tenar om å få Imogen drepen. Ho flyktar, forkledd som mann, til Milford Haven i Wales, men tenaren som skulle drepe ho, gjennomfører ikkje drapet. Cloten, sonen til den vonde dronninga, får vite om kva som har skjedd, kler seg ut som Posthumus og følger etter Imogen for å narre og valdta ho. Han møter to gjetarar som han angrip i sinne, men tapar duellen mot ein av dei, og døyr med hovudet kappa av.

Kong Cymbeline vil ikkje lenger vere styrt av Roma og gjer opprør, noko som fører til at ein romersk hær invaderer Britannia. Posthumus, som angrar på å ha bestilt drapet på Imogen, vervar seg som soldat for å komme seg attende til fødelandet. Imogen, på si side, har funne den hovudlause Cloten utkledd som Posthumus og trur han har døydd. Dei to gjetarane tek seg av ho.

Stykket ender med at alle konfliktar, mistydingar og flokar blir løyste. Imogen og Posthumus blir gjenforeina, dei to gjetarane, Guiderius og Avigarius, viser seg å vere dei eldre brørne til Imogen og kan dermed ta over trona, den vonde dronninga døyr og Cymbeline går med på å betale skatt til Romarriket slik at det igjen blir fred.

Kjelder og omsetting

Til liks med mange andre Shakespeare-stykket er Cymbeline basert på ein kombinasjon av hendingar og motiv henta frå mange ulike kjelder, både historiske og samtidige, i fleire ulike sjangrar. Historia om Iachomo i sengekammeret til Imogen er henta både frå Boccaccios Dekameronen (midten av 1300-talet) og ei forteljing basert på Dekameronen kalla Frederyke of Jennen. Kong Cymbeline er henta frå Holinshed’s krøniker, medan andre detaljar sannsynlegvis kjem frå det anonyme teaterstykket The Rare Triumphs of Love and Fortune (1582). Cymbeline er spesielt anakronistisk og blandar stad- og personnamn og andre element frå forskjellige historiske periodar.

Imogen, som kjem frå dette stykket, har lenge vore eit populært jentenamn i England, men det er basert på ei feiltolking av namnet Innogen, skrive for hand. Samtidige kjelder stadfester dette og nye utgåver av Cymbeline har gjeninnført den rette stavinga.

Den første fullstendige norske omsettinga er frå 1924 ved A. Trampe Bøtker. Henrik Rytter si nynorske omsetting kom i 1933. Ein opera ved same namn av Arne Eggen hadde urpremière i Oslo i 1951. Kristian Smidt omsette stykket i 1996.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg