Codex Regius («Kongens bok») er nemninga på ulike handskrifter som har vore i kongeleg eige. Fleire eldre islandske codices regii har tilhøyrt Den kongelige samling i København.
Det handskriftet som vanlegvis blir omtalt som Codex Regius er GKS 2365 4to, ei islandsk skinnbok frå annan halvdel av 1200-talet som inneheld Den eldre Edda. Denne vart gjeve til kong Frederik 3. i Danmark i 1662, og vart tilbakelevert til Island i 1971.
Hovudhandskriftet til Snorre Sturlasons Edda (GKS 2367 4to) frå ca. 1325 vart òg gjeve til Frederik 3. Dette vart tilbakelevert til Island i 1985.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.