Brunkeberg er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Det tidlegare Brunkeberg sokn utgjer den nordaustre delen av kommunen. Busetjinga er konsentrert om dei to dalføra Ordal og Morgedal.
Faktaboks
- Etymologi
-
fyrsteleddet er kanskje eit tapt elvenamn
Brunkeberg kyrkje er ei lafta korskyrkje frå 1790. Ho ligg ved krysset mellom E134 (Haukelivegen) og riksveg 41 mot kommunesenteret Kviteseid. Kyrkja er dekorert av målaren Aslak Nestestog. På Brunkeberg kyrkjegard kviler skiløparane Mikkel og Torjus Hemmestveit og sørpolfararen Olav Bjaaland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.