Faktaboks

Brage Boddason
norrønt Bragi Boddason
Levetidskommentar
levde på første halvdel av 800-talet
Verke
Norsk skald
Familie

Den islandske Landnámabók gjev opplysningar om slekta hans.

Han skal ha vore gift med Lofthøna, dotter til skalden Erp Lutande. Dottera, Astrid Sløkedreng, er nemnd som stammor til norske og islandske ætter med tilknyting til Vestlandet. Det er difor truleg at også Brage kom frå Vest-Noreg.

Brage Boddason var ein norsk skald som skal ha levd i første halvdel av 800-talet. Han er den eldste skalden vi har skaldedikting etter

Liv

I Skáldatal, ein islandsk katalog frå 1200-talet over skaldar som var knytte til ulike kongar, er Brage nemnd som skald hos fleire kongar som skal ha levd på overgangen til historisk tid: Ragnar Lodbrok, Eystein Bele og Bjørn på Haug. Eystein Bele kan vi ikkje identifisere. Den historiske personen bak segnkongen Ragnar Lodbrok kan vere den danske – eller norske – kongen Ragnar, som herja i Seine-distriktet og tok Paris i 840-årene, og som døde i England ca. 865. Bjørn på Haug er i kjeldene ein svensk konge, og kan vere den «rex Bern» som er nemnd i Vita Ansgarii som konge over Birkamisjonæren Ansgar kom dit i 827. Landnámabók, Hálfs saga ok Hálfsrekka og Geirmundar þáttr heljarskinns nemner at Brage var hos ein kong Hjor i Rogaland.

Ragnarsdrápa og anna dikting

Diktinga til Brage Boddason er overlevert i ei heller fragmentarisk form. Alle strofene, bortsett frå to, er overleverte i handskrift av Snorres Edda, éi er også overlevert i handskrift av Ynglinga saga, to i Den tredje grammatiske avhandling, og ei strofe er overlevert i handskrift av Landnámabók, Hálfs saga ok Hálfsrekka og Geirmundar þáttr heljarskinns.

26 strofer eller delar av strofer er overlevert. 20 av desse har ein meint tilhøyrer det same kvadet, Ragnarsdrápa, ei dråpa som Snorre i si Edda seier Brage dikta om Ragnar Lodbrok. Slik Ragnarsdrápa framstår i utgåver, er dette langt på veg ein rekonstruksjon som er bygd opp både av dei strofene Snorre seier har tilhøyrt kvadet om Ragnar Lodbrok, og andre strofer etter Brage.

Grunnlaget for rekonstruksjonen er den ideen at alle 20 strofene tilhøyrer eit såkalla skjoldkvad som skildrar bilete på eit skjold med fire biletfelt. Ragnarsdrápa skildrar, slik strofene er arrangerte, to scener frå segnhistoria og to scener frå mytologien: Hamde og Sorles kamp mot kong Jormundrek, Hild som eggjar Hogne til kamp mot Hedin (Hjadingekampen), Gefjon som pløyer Sjelland laust frå Sverige, og Tor som fiskar Midgardsormen.

I stevet i kvadet seier Brage at han har fått skjoldet med dei mange segner frå Ragnar, og i ei halvstrofe, som er plassert i innleiinga til diktet, er kongen kalla «Sigurds son». Ragnar Lodbrok skal ha vore son til Sigurd Ring. Det kan såleis stemme at kvadet er dikta til Ragnar Lodbrok, slik Snorre seier, men ein kan ikkje seie dette sikkert. I Egils saga er det nemnt eit «hovudløysingsdikt» som Brage skulle ha kvede til kong Bjørn på Haug.

Drottkvætt-stilen

Nokre forskarar har meint at det var Brage som skapte den spesielle drottkvætt-stilen. Brage kan ha skapt drottkvætt-stilen i det han prøvde å overføre stilen i den materielle kunsten på skjoldet til ordets kunst. På slutten av 1800-talet var det fleire forskarar som stilte seg tvilande til at Brage var ein historisk person. Eit av argumenta var at ein av gudane heitte Brage, og at gudenamn ikkje var personnamn i norrøn tid. I seinare tid har ei vanleg forklaring på at ein skald og ein gud ber same namnet, vore at det er skalden Brage Boddason som etter sin død fekk ein heidersplass i Valhall.

Det er i dag vanleg å rekne med at Brage var ein historisk person. Men sidan dei skriftlege kjeldene som fortel om denne skalden, vart førde i pennen rundt 400 år etter at han levde, er opplysningane om Brage difor å rekne som høgst usikre.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • G. Brynjúlfsson: «Brage den Gamles kvad om Ragnar Lodbrogs Skjold», i Aarbøger for nordisk Oldkyndighed og Historie 1860, s. 3–13
  • Finnur Jónsson: «Om skjaldepoesien og de ældste skjalde», i Arkiv för Nordisk Filologi 6, 1890, s. 121–155
  • Finnur Jónsson: (red.): Den norsk-islandske skjaldedigtning, København 1912–15 (utg. av skaldedikta etter Brage: IA (tekst etter handskrifta), s. 1–5, IB (retta tekst), s. 1–5)
  • F. Paasche: biografi (Brage den gamle) i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 2, 1925
  • Finnur Jónsson: Acta Philologica Scandinavica 5, 1930–31
  • Om sagakunst og skaldskap. Utvalgte avhandlinger, Øvre Ervik 1982
  • A. P. Smyth: Scandinavian Kings in the British Isles, Oxford 1977, s. 850–880
  • M. Clunies Ross: «Bragi Boddason», i P. Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An Encyclopedia, New York/London 1993, s. 55–56

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg