Bora er ei elv på Hardangervidda, i Ullensvang og Vinje kommunar. Bora kjem frå Trossovtjønn sør for Trossovnuten (1629 meter over havet) i Hardangervidda nasjonalpark. Elva renn mot aust, seinare søraust gjennom Bordalen til Bordalsvatnet (891–852 meter over havet) og vidare til Grungevatnet (538 meter over havet). Bora er utbygd i Tokke-reguleringane; øvre delen av elva er overført til Songa kraftverk, nedre delen til Vinje kraftverk.
Med ei 40 meter høg demning ovanfor Edland dannar elva Bordalsvatn, 852 til 891 meter over havet Bordalsvatnet utgjer eit magasin på 184 milliomer kvadratkilometer.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.