Austdølo er ei elv i Ullensvang kommune, Vestland fylke. Austdølo kjem frå Reinsnosvatnet (594 meter over havet) på den sørvestre delen av Hardangervidda og renn herfrå vestover til Lotevatnet (340 moh.). Til Reinsnosvatnet renn Ljoso og Reinso, begge med dei øvste kjeldene sine i Hardangervidda nasjonalpark.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.