Audun Garshol er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som konkurrerte innan sprint.
Audun Garshol
Faktaboks
Audun Garshol
- Fødd
- 9. november 1951, Ulstein, Møre og Romsdal

Audun Garshol (til venstre) da han vant 100 meter på Bislet i 1983, det foran tjekkeren Juraj Demec.
Karriere
I alt vann Garshol åtte individuelle senior-NM titlar på 100 meter (5) og 200 meter (3) i perioden 1972 til 1976. Han vann òg fleire titlar i stafett-NM med BUL. Garshol fekk Kongepokal i 1972.
Garshol var OL-deltakar i München i 1972, der han sette norsk rekord på 100 meter med tida 10,55 og på 200 meter med tida 21,16, båe tidene var rekord fram til 1986. Han sprang før OL ein 100-meter på tida 10,2 med manuell tidtaking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.