Asle er eit mannsnamn som er austlandsk form av Atle med opphav i germansk Attala som tyder ‘veslefar’. Attala er i sin tur er laga til ordet atta som tyder ‘far’.
Asle (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Asle
Eit utval personar med namnet Asle, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Asle Ellingsen Enger (1906)
- Asle Sjåstad (1930)
- Ivar Asle Manum (1933)
- Kurt Asle Arvesen (1975)
- Tord Asle Gjerdalen (1983)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 717 menn i Noreg som hadde Asle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Asle var eit spesielt namn for Buskerud.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.