Anopheles gambiae

Malariaparasitten blir overført med ho-mygg av slekta Anopheles. Anopheles gambiae, på biletet, er kjend som ein av dei mest effektive.

Av /CDC.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Malariamygg er ei slekt i familien stikkmygg som finnest over mesteparten av verda. Dei er blodsugande insekt, og mange av artane kan overføre sjukdomen malaria. Inne i malariamyggen gjennomgår parasitten som forårsaker malaria den kompliserte livssyklusen sin, og når myggen stikk mennesket eller ein annan vert kan parasitten bli overført.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Anopheles
Beskriven av
Johann Wilhelm Meigen, 1818

For å beskytte seg mot stikk må ein ha fornuftig påkledning, insektmiddel på hud og klede og impregnerte myggnett. Verdas helseorganisasjon tilrår myggnett som er impregnert med ein kombinasjon av pyretroid og klorfenapyr. Malariamyggen stikk nesten berre om kvelden og natta, og det er difor i malariaområde særleg viktig å beskytte seg mot myggstikk mellom skumring og daggry.

Utbreiing

Det finnest om lag 475 beskrivne artar av Anopheles, delt i åtte underslekter. Nærare 70 av artane i fire underslekter kan overføra smitte, og 41 av dei er rekna som viktige vektorar. Desse smitteberande artane finnest i område med sump og myr i tropiske- og subtropiske regioner. Dei lever stort sett over heile verda, men manglar frå polområda og frå ein del isolerte øyer, som Fiji og New Zealand.

I Noreg er det ikkje publisert nokon systematisk oversikt over Anopheles-artar, men i følgje data i Artsdatabanken (Artskart) er det påvist funn av minst fem artar. Det er flest funn frå Søraust-Noreg men det finnest òg funn frå Finnmark, Trøndelag og Rogaland. Norske malariamygg overførar ikkje malaria lenger, men fram til slutten av 1800-tallet var ikkje sjukdomen uvanleg i områda rundt Oslofjorden. Det er uvisst kva for art som overførte smitte på den tida; i Sverige var Anopheles atroparvus sannsynlegvis den viktigaste smitteberaren i historisk tid men denne er ikkje påvist frå Noreg.

Klassifikasjon

Gjeldande klassifikasjon av malariamygg delar slekta inn i åtte underslekter:

  • Anopheles s.str. består av 185 artar og finnest over heile verda. Nokre av artane kan overføra malaria. Alle dei nord-europeiske artane høyrer til i denne underslekta.
  • Anopheles (Baimaia) omfattar èin art som lever i reirhola til krabbar i ferskvatn i Søraust-Asia, Anopheles (Baimaia) kyondawensis.
  • Anopheles (Cellia) består av 224 artar i den gamle verda. Nokre av artane kan overføra malaria, blant dei er Anopheles (Cellia) arabiensis, Anopheles (Cellia) funestus og Anopheles (Cellia) gambiae som er viktige malariavektorar i Afrika, Anopheles (Cellia) subpictus, Anopheles (Cellia) sundaicussom er viktig i tropisk Asia, og Anopheles (Cellia) stephensi som er den viktigaste vektoren i Midtausten og har spreidd seg til mange urbane område i Afrika.
  • Anopheles (Christya) består av to artar som lever i Afrika
  • Anopheles (Kerteszia) består av 12 artar i Sør- og Mellom-Amerika. Nokre av artane kan overføra malaria.
  • Anopheles (Lophopodomyia) består av 6 artar i Sør- og Mellom-Amerika.
  • Anopheles (Nyssorhynchus) består av 40 artar i Sør- og Mellom-Amerika. Nokre av artane kan overføra malaria, blant dei er Anopheles (Nyssorhynchus) darlingi og Anopheles (Nyssorhynchus) marajoara som er viktige vektorar i Sør-Amerika.
  • Anopheles (Stethomyia) består av 5 artar i Sør- og Mellom-Amerika.

Den yngste felles stamarten for alle nolevande Anopheles-artar levde for ca 110 millionar år sidan, og dei fleste av underslektene utvikla seg i slutten av Krit-tida for ca 90 millionar år sidan. To artar er kjend frå fossil, begge i rav; den eine er frå dominikansk rav frå Eocen og den andre frå tysk rav frå Oligocen.

Livssyklus og levevis

Larve av malariamygg
Larve av malariamygg
Av .
Lisens: Public domain

Hoa legg egga einskildvis på vatn eller i myrlendt terreng, og kvar ho legg mellom 50 og 200 egg (unntaksvis opp mot 300) mellom to og tre døgn etter eit blodmåltid. Etter å ha lagt egg ein gang kan hoa suga meir blod og legga fleire egg. Totalt kan ho legge mellom 800 og 1000 egg gjennom livet sitt. Egga flyt i vassoverflata og har eigne flottør-organ på sidene, og tålar i motsetnad til mange andre stikkmyggegg ikkje å tørka ut. Dei klekker etter 2–3 døgn.

Larvene lever i vatn, men pustar i luft gjennom særskilde opningar på bakkroppen, kalla spiraklar (dei må altså jamnleg oppsøke vassoverflata for å pusta). Dei er nedbrytarar som lever av organisk detritus og mikroorganismar i vatnet. Før dei forpuppar seg i vatnet går dei gjennom fire skalskifte.

Puppa flyt rett på undersida av vassoverflata og pustar med to hornforma røyr på mellomkroppen bak hovudet. Ho kan symje aktivt i vatnet, men tek ikkje til seg føde og lever i ganske kort tid. Den ferdig utvaksne vaksne myggen klekker frå puppa etter få dagar, og flyg derfrå. Lengda på livssyklusen varierar frå art til art, men det kan ta mellom 9 og 20 dagar frå egg til vaksen for dei best kjende artane.

Vaksne hannar av malariamygg svermer ved solnedgong eller daggry over ulike landemerke, og hoene oppsøker svermane for å para seg. I svermen vel ho ein hann ut frå lyden av dei vibrerande vengene, før dei to parar seg og forlet svermen. Kvar ho parar seg berre ein gong.

Begge kjønn kan ete nektar frå blomar og mikroorganismar i vassfilm, men hoene syg i tillegg blod. For å produsera egg treng hoene eit måltid blod, og ulike artar har ulike preferansar for kva for vertsart dei syg blod frå. Alle artane er knytt til varmblodige virveldyr, og flest artar er knytt til pattedyr som kveg.

Endringar i temperatur, fukt og nedbør påverker utbreiinga av malariamygg. Ekstremvær slik som heitebølger og flaum kan føra til auke i tal på malariamygg, og såleis òg tilfelle av sjukdomen malaria. Eit døme er den katastrofale flaumen i Pakistan i 2022 som førte til ei femdopling av malariatilfelle i landet.

Dei fleste artar av malariamygg lever i rurale område og formeirer seg i naturlege habitat. Arten Anopheles stephensi er annleis og spreier seg i urbane område. Denne arten er opphavleg frå Sør-Asia og Den arabiske halvøy, men har òg spreidd seg til fleire afrikanske land, utan at forskarane veit korleis. Med stigande grad av urbaniseringdet afrikanske kontinentet utgjer Anopheles stephensi ein helserisiko og kan undergrave arbeidet som er gjort med å bekjempe malariasjukdom i Afrika. Verdens helseorganisasjon følgjer nøye med på spreiinga av denne arten.

Sjukdom

Rundt 70 av dei 475 kjende artane av malariamygg kan overføra malaria. Anopheles er òg vektor for parasittar som førar til lymfatisk filariasis og for somme virusinfeksjoner.

Det er berre ho-mygg som syg blod og kan overføra malaria. Etter at ho har sugd blod frå ein person med malariasmitte, formeirar malariaparasittane seg seksuelt inne i myggen, og samlar seg i myggen sine spyttkjertlar. Når hoa skal ha eit nytt blodmåltid, overførar ho smitteberande spytt samtidig som ho syg blod.

Beskyttelse

Malariamyggen stikk nesten berre om kvelden og natta, og det er difor i malariaområde særleg viktig å beskytte seg mot myggstikk mellom skumring og daggry. For å unngå stikk er fornuftig påkledning og insekticider på hud og klede, samt bruk av impregnerte myggnett, viktig.

Malariamygg har byrja å utvikla resistens mot fleire slags insekticid, som til dømes pyretroidar. Dette er kjemikaliar som blant anna blir brukt på dei impregnerte myggnetta. Verdas helseorganisasjon tilrår difor myggnett som er impregnert med ein kombinasjon av pyretroid og klorfenapyr.

I område der malariaparasitten førekjem stabilt kan bruk av myggnett redusera forekomst av malaria med 45–50 prosent.

Bekjempelse av malariamygg

Samarbeid med vass- og avløpssektorane i land der malaria er eit problem har vist seg nyttig for å avgrensa utbreiinga og storleiken på myggpopulasjonane, sidan ho-myggen er avhengig av vatn for å legge egg.

Tidligare var det vanleg med biologisk kontroll av mygglarvene ved utsetjing av predatorar som moskitofisk, som heldt myggbestandane i sjakk ved å ete larvene. Dette påverker derimot økosystema negativt på andre måtar og er i dag ikkje i omfattande bruk.

Ein har òg forsøkt å genmanipulera ein av myggartane, Anopheles gambiae, for å gjera hoene sterile og på den måten utrydda myggen. Forsøket sette spørsmålsteikn med kor effektivt dette kunne vera, då det tok 7–10 generasjonar før ein hadde utrydda ein populasjon i laboratoriet. Det er òg etiske og økologiske dilemmaer knytt til ein slik strategi, og vidare forsking har i staden studert genmanipulering av resistens mot malariaparasitten.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Animalia dyreriket
Rekke Arthropoda leddyr
Klasse Insecta insekter, insekt
Orden Diptera tovinger, tovenger
Familie Culicidae stikkmygg
Slekt Anopheles malariamygg

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Anopheles
Artsdatabanken-ID
20931
GBIF-ID
1650098

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg