Anne Raknes var ein av dei første kvinnelege bilethoggarane i Noreg. Ho var oppteken av fagforeiningsarbeid og mellom initiativtakarane til Norsk Billedhoggerforening.
Anne Raknes
Faktaboks
- Fødd
- 20. desember 1914, Kviteseid
- Død
- 17. februar 2001, Oslo

Bakgrunn
Raknes gjekk på Torstein Torsteinsons målarskule i Oslo i 1934 og studerte ved Kunstakademiet under Axel Revold, Jean Heiberg og Wilhelm Rasmussen frå 1934 til 1938. Første studiereisa gjekk til Berlin i 1936. Seinare vitja ho mellom anna Paris og London. Ho fekk Statens reisestipend fire gonger, Schäffers legat i 1939, og Statens garantinntekt frå 1977. Raknes budde på Ekely og arbeidde i Edvard Munchs gamle atelier.
Virke
Debuten i 1936 var med eit sjølvportrett på Hauststillinga i Oslo, der ho seinare deltok ved fleire høve. Ho stilte òg ut på kollektivutstillingar andre stader i Norden, og hadde nokre separatutstillingar mellom anna i Kunstnernes Hus i Oslo i 1950.
Under andre verdskrigen teikna ho for avisene Friheten og Arbeiderbladet.
Ho var med på å skipe Norsk Billedhoggerforening i 1946, der ho vart varaformann i 1954–1957 og styremedlem 1964–1966. Ho hadde fleire verv som styremedlem; i Unge kunstneres samfunn i 1948–50, Oslo Kunstforening i 1956–1966, Bildende Kunstnerinners Forening i 1964–1966 og Bildende kunstneres styre 1964–67.
Store utsmykkingsoppdrag er Biskop Torlak, Nidarosdomens vestfront i 1932 og Monument over falne, Skedsmo i stein i 1946.
Arbeid av Raknes finst mellom anna i Nationaltheatret, Deichman bibliotek, Aschehoug, Gyldendal, Trondheim kunstgalleri og Nasjonalgalleriet.
Portrett
Portretta til Raknes ber preg av ei raus karakteriseringsevne og psykologisk innsikt. Ho utførte mellom anna portrettbyster av forfattarar som Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas, Sigurd Hoel, Aksel Sandemose og Helge Krog.
Ho er representert i Nasjonalmuseet med portrett-teikningar og portrettbystene Anne-Berit (1949) og Aslaug Vaa (1937).
Anne Raknes var dottera til lyrikaren Aslaug Vaa og psykoanalytikaren Ola Raknes.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 5. Oslo 1975
- Francis Bull: Norske portretter. Forfattere. Oslo 1956
- Øistein Parmann: Norsk skulptur. Oslo 1969
- Dorothea Hysing: «Anne Raknes», i Norsk kunstnerleksikon, bd. 3. Oslo 1986
Faktaboks
- KulturNav-ID
- d8d59408-34b1-4c87-841c-5a7518b20a03
- Historisk befolkingsregister-ID
- pc00000002794718
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.