Stiftinga av partiet var initiert av økonomiprofessor Bernd Lucke og skribenten Konrad Adam. Alexander Gauland, som hadde bakgrunn frå den konservative fløya i det kristendemokratiske partiet CDU, var også med på stiftingsmøtet. Partiets fremste sak var dei tyske statsfinansane. Bakteppet var misnøye med den dåverande kanslaren Angela Merkels handtering av den økonomiske krisa i eurosonen. Merkel la vekt på europeisk budsjettdisiplin, å trygge euroen som felles valuta og på å halde EU saman. AfD-grunnleggarane hevda at Merkels europolitikk var uansvarleg og hevda at politikken ville ramme komande generasjonar av tyskarar i form av økonomisk stagnasjon, høgt skattetrykk og inflasjon. Partinamnet Alternative für Deutschland viser til at partiet står for eit alternativ til den etablerte politiske hovudstraumen, og til at partiet er orientert mot det tysk-nasjonale, ikkje mot Europa.
Under den store flyktningkrisa i 2015 vart AfD overtatt av ei innvandringskritisk og islamfiendtleg fløy under leiing av forretningskvinna Frauke Petry og økonomiprofessor Jörg Meuthen. Partigrunnleggaren Lucke melde seg ut av AfD kort tid etter. Under Meuthen og Petry etablerte AfD seg som eit populistisk ytre-høgreparti med motstand mot innvandring og det fleirkulturelle samfunnet som si fremste sak.
Hausten 2015 erklærte kanslar Angela Merkel humanitær unntakstilstand som følgje av flyktningkrisa. Meir enn éin million menneske tok seg inn i landet for å be om opphald i løpet av året. Merkels flyktningpolitikk var i all hovudsak populær, men han møtte også motstand, særleg i dei austlege delstatane. Der kom det fleire gongar til valdelege opptøyar mot flyktningar. Samtidig mobiliserte den islamfiendtlege rørsla PEGIDA til store demonstrasjonar mot flyktningane. AfD etablerte seg som partiet for dei som var imot Merkels flyktningpolitikk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.