Alexandria er ein by nord i Egypt, på vestsida av deltaet til Nilen, ved Middelhavet. Alexandria er den nest største byen i Egypt, og storbyområdet har rundt 4 778 000 innbyggjarar (FN, 2015).
Alexandria har ei av dei viktigaste hamnene i landet, som står for store delar av utanrikshandelen. Den gamle fiskarhamna i aust fungerer også i dag som fiskarhamn. Naturgass frå Abukir rett aust for byen og bygging av ein oljerøyrleidning frå Suez har ført til ei rask industrialisering med oljeraffineri og eit større petrokjemisk kompleks. I utkanten av byen er det etablert fleire nye industriområde: ad-Dekheyla med jern- og stålverk, al-Amiriyah med tekstil- og kjemisk industri og Abukir med anlegg for behandling av naturgass og kraftverk.
Alexandria-universitetet er det nest største i Egypt og blei etablert som sjølvstendig institusjon 1942. Alexandria fungerer også som sete for paven i den kopist-ortodokse kyrkja. Byen husar også eit norsk konsulat, som promoterer norske interesser i Egypt, og dessutan eit arkeologisk museum. Det gamle biblioteket i Alexandria er gjenreist i eit samarbeid mellom Egypt og UNESCO etter eit vinnarutkast frå det norske arkitektfirmaet Snøhetta.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.