Skodespelet startar med at Thesevs talar til Hippolyta om det komande giftarmålet deira. Dei er figurar frå gresk mytologi; han er helten som grunnla bystaten Athen i følgje legenda, og ho er dronninga over amasonene. Dei kan spelast som forelska par, men ho kan også svare Thesevs med sarkastisk tonefall, sidan ho er der mot si vilje.
Egeus kjem til Thesevs og Hippolyta for å klage si naud over dottera Hermia, som ikkje vil gifte seg med mannen han har valt ut til ho, Demetrius. Ho er forelska i Lysander, og han i henne. Etter kvart blir også Helena introdusert, som er ulukkeleg forelska i Lysander. Thesevs beordrar Hermia til å lyde far sin, noko som fører til at Lysander og Hermia rømmer ut i skogen og at Demetrius og Helena følger etter. Forvekslingane mellom desse fire og måten vanskane til slutt blir løyste er hovudhandlinga i stykket; hindringa med ein motvillig far er typisk for kjærleikskomediar som denne.
Ei gruppe med handverkarar (‘mechanicals’) vil framføre eit stykke for grev Thesevs i håp om gunst og løn. Quince er dramaturg og leiar for truppen, medan Bottom er den største klovnen av dei. Handverkarane (ein tømmermann, ein vevar, ein snekkar med fleire) kjem til kort når det gjeld både tekstforståing, regi og skodespelarevner, noko som fører til mange komiske situasjonar og ufrivillige ordspel.
Det går mot natt. Alvedronninga Titania og alvekongen Oberon kranglar om kven som skal eige eit menneskebarn som har blitt overlate til feene og nattvesena i skogen. Oberon får tenaren sin, Puck, til å finne ein blome med magisk sevje som gjer folk forelska. Med denne vil han spele Titania eit puss. Puck skaffar blomen før Demetrius og Helena dukkar opp i skogen deira. Oberon får høyre korleis Demetrius avviser Helena og bestemmer seg for å teste plante-eliksiren på dei. Puck skal drype magiske dråpar på augeloka til Demetrius slik at han skal bli forelska i det første han ser når han vaknar. Puck finn han ikkje, men kjem i staden over Lysander og gir han behandlinga i staden. Med dette set han i gong det som skal bli ein serie med partnarbytte, mistydingar, krangling og slåssing, før alt etter kvart løyser seg.
Handverkarane kjem til skogen, nær der Titania held til, for å øve. Puck ser dei og vil spele dei eit puss også (for slik er han). Bottom går av scena og når han kjem attende, har han eselhovud, noko han ikkje er klar over sjølv, men som gjer at dei andre handverkarane rømmer i panikk.
Titania har sove gjennom alt ståket og har fått kjærleiksdråpar på augene av Puck, men når natta tar ordentleg til, vaknar ho, og det første ho ser er Bottom med eselhovudet. Ho blir med ein gong djupt forelska.
Då Oberon får høyre om korleis Puck har lurt Titania, blir han veldig nøgd, men han skjenner på Puck for å ha fortrylla feil atensk mann. Etter mykje om og men får Puck etter kvart ordna det slik at dei fire får ein partner kvar, i ei ordning som fungerer for alle: Demetrius med Helena og Lysander med Hermia. Samstundes sørger Oberon for at Titania kjem til sans og samling og blir den lydige dronninga hans igjen. Kjønnsrollene i dette stykket er altså tradisjonelle (i alle fall på overflata).
Den som tydlegast talar i mot mannsdominansen i stykket, er krigardronninga Hipployta. Då ho og Thesevs kjem til skogen tidleg neste morgon og finn dei unge atenarane, er det ho som får siste ordet i diskusjonen om kunst, draum, røynd og fantasi. Thesevs vil le bort det som har skjedd som innbilling og overtru, men ho er usamd. «Her er noe skapt med varig virkning», seier ho i André Bjerke si omsetjing, «Iallfall er det merkelig og stort.» («… something of great constancy / But howsoever strange and admirable»).
Når alle er trygt tilbake på plass i byen, og Bottom har blitt vanleg igjen, får handverkarane endeleg framføre stykket sitt i det som no har blitt eit trippelbryllaup. Aristokratane kjem med mange hånlege tilrop til den amatørmessige framføringa, men blir likevel godt underhaldne av stykket om Pyramus og Thisbe (som minner veldig om Romeo og Julie, som kompaniet til Shakespeare framførte om lag på same tid som Ein midtsommarnattsdraum), og gir lovnad om belønning til truppen.
Til slutt er det Puck som held avslutningstalen i Ein midtsommarnattsdraum og ber om applaus.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.