Versj. 9
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 28. mai 2024. Artikkelen endret 60 tegn fra forrige versjon.

Søren er eit dansk mannsnamn som går tilbake til det latinske namnet Severinus laga til adjektivet severus som tyder ‘alvorleg, streng’.

I Noreg er Søren kjent sidan 1500.

Namnedag er 23. oktober. Severin har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Søren, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 465 menn i Noreg som hadde Søren som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Søren.

Mange av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dette gjeld også Søren (av Severin) som gjekk tilbake utover på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Etter 1960-åra har namnet nesten ikkje vore brukt. Døme på andre justerte namn med ein tilsvarande tilbakegang på 1800-talet er Anders (av Andreas), Lars (av Laurentius), Mads (av Mathias), Mikkel (av Mikael) og Nils (av Nikolaus).

Søren var mest brukt i Vest-Agder.

  • Hald, Kristian 1974: [Personnavne i Danmark. 2. Middelalderen]. Fællesforenings Håndbøger. København.